ENDRA: Oppgraderinga av Avensis er den største Toyota har gjort på ein bil. Foto: Jan Harry Svendsen
ENDRA: Oppgraderinga av Avensis er den største Toyota har gjort på ein bil. Foto: Jan Harry Svendsen

Ukomplisert fornuft

Symbolet på ukomplisert transport har blitt yngre. Toyota har redda Avensis frå midtlivskrisa.

Dei fleste bilar har noko ved seg. Ein snev av personlegdom eller særpreg. Men det finst bilar som ikkje har det. Som ikkje spelar på følelsar utover det at alt skal virke. Akkurat slik som den nye Toyota Avensis.

Ingen vil nokon gong bli skuffa over han, men den store begeistringa vil ein heller ikkje oppleve. Sjølv ikkje den mest omfattande oppgraderinga av ein bil frå Toyota kan endre det.

NY: Fronten på Avensis er ny, med ny lyssignatur. Det gir karosseriet som opphavleg stammara frå 2008, eit meir moderne preg.
NY: Fronten på Avensis er ny, med ny lyssignatur. Det gir karosseriet som opphavleg stammara frå 2008, eit meir moderne preg.

Mindre støy

Berre i profil kjenner du igjen linjene frå den opphavlege Avensis som vart lansert i 2008. Fronten, hekken og interiøret er endra. Førarassistentar er på plass, samtidig som Toyota har rydda opp der bilen tidlegare skuffa.
Derfor er det ikkje underleg at bilen køyrer betre, at den innvendige støyen er redusert, og at kvalitetskjensla er forbetra. Kort summert opp har Avensis blitt ein betre bil enn han var. Likevel er han framleis ikkje på nivå med dei beste i klassen.

Førarassistentar

Toyota er tryggleik, kundeservice og fornuft. Alle undersøkingar fortel den same historia. I AutoIndex 2015, der over 10.000 norske bileigarar vart spurte om kor nøgde dei er med bilvalet, kundeservicen og opplevinga av å eige bilen, hamna Toyota på ein fjerdeplass. Berre Lexus, BMW og Audi klarte seg betre.

Det gir eit godt utgangspunkt for det som er ein av dei viktigaste bilane for Toyota. Med oppgraderinga av Avensis er etterlengta førarassistentar på plass. Endeleg har bilen fått autobrems og vingleassistent, i tillegg til skiltlesar og lysassistent, som standard. Det vi no saknar, er blindsoneassistent og autobrems som kan oppdage menneske. Det har mange av konkurrentane – og dermed burde det også vore på plass i denne bilen.

Artikkelen held fram under biletet

HEVA: Mindre hardplast og meir komfort pregar interiøret i Avensis. Oversikta er god.
HEVA: Mindre hardplast og meir komfort pregar interiøret i Avensis. Oversikta er god.

Nytt interiør

Bak rattet hever eit heilt nytt instrumentpanel betjeningskomforten. Skjermane har blitt betre, og infotainmentsystemet lettare å bruke. I det heile har Avensis fått eit meir moderne snitt. Dei utvendige designendringane og det nye interiøret sørgjer for at bilen vert opplevd som nyare enn han i verkelegheita er.

Med 543 liters bagasjerom i stasjonsvogna er ikkje Avensis blant storlastarane. Både Passat og ikkje minst den nye Skoda Superb byr på meir plass. Men bagasjerommet er lettlasta, og dei praktiske rammene under golvet er velkomne.

Trinnlaus automat

Eit lågare innvendig støynivå og eit betre chassis hever køyreopplevinga samanlikna med førre modell. Tilbakemeldingane er betre, og presisjonen er auka. Men misforstå meg rett; sportsleg er Avensis ikkje, og den lengste vegen heim tar du berre om det av ein eller annan grunn er omkøyring.

Artikkelen held fram under biletet

543: Med bakseta i bruk sluker bagasjerommet 543 liter. Det er mindre enn kva konkurrentane frå Volkswagen og Skoda, men meir enn Ford Mondeo.
543: Med bakseta i bruk sluker bagasjerommet 543 liter. Det er mindre enn kva konkurrentane frå Volkswagen og Skoda, men meir enn Ford Mondeo.

Dei 147 hestekreftene frå den 1,8 liters store bensinmotoren gjer ein god figur. Kopla saman med ein trinnlaus automatisk girkasse dannar det grunnlaget for ei drivlinje som gir eit fornuftig forhold mellom yting og forbruk. Oppgitt skal bilen bruke 0,61 liter per mil og klare akselerasjonen frå 0 til 100 kilometer i timen på 10,7 sekund.

Ikkje firehjulsdrift

Prismessig ligg Avensis noko under konkurrentane, om vi legg prislistene frå Opplysningsrådet for Veitrafikken til grunn. Det kan vere trumfkortet Avensis trenger, i ein klasse der mange av konkurrentane freistar med nyare bilar og ikkje ein oppgradert modell.
Hovudutfordringa til Avensis er likevel mangelen på valmoglegheiter. Firehjulsdrift vert ikkje levert, og nokon hybridversjon av Avensis kjem ikkje. Det kan både Ford og Volkswagen tilby sine kundar om dei vel Mondeo eller Passat.

(©NPK)

Til toppen