ULIKT: Frå utsida er det store forskjellar på Kia Niro og Toyota C-HR, men dei er nesten identisk like store og har svært like drivlinjer. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema.
ULIKT: Frå utsida er det store forskjellar på Kia Niro og Toyota C-HR, men dei er nesten identisk like store og har svært like drivlinjer. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema.

Ulike konkurrentar

Kia Niro og Toyota C-HR slåst om den same marknaden. Det kan verka litt merkeleg når ein ser på bilane, men gjev meining når ein tek ein titt bak fasaden.

Importane til Toyota og Kia ser på C-HR og Niro som klare konkurrentar, noko som ikkje er heilt opplagt første gong ein ser bilane. For Toyota har valt å vera dristige i designen, mens Kia har lagt seg på ei svært safe linje. Der Niro har ei nærmast generisk utforming, har C-HR gått for linjer og detaljar som ein sjeldan finn på ein Toyota.

Det som likevel gjer dei til rivalar skjuler seg under skalet. For begge er hybridar, byr på svært like ytingar og på prislappen skil det heller ikkje så mykje. Ein kan også merka at dei er bygde med ei slik drivlinje i tankane. Det er ingen snodige kompromiss, drivlinene leverer ein saumlaus og imponerande bruk av dei to motorane.

Kvikk

Eit viktig skilje er korleis dei har løyst kraftoverføringa. Toyota har, som vanleg, valt ein trinnlaus automatgirkasse, mens Kia har ein sekstrinns dobbeltkløtsj variant. I Kia-en kan ein også velja mellom éin køyremodus for miljø og økonomi og éin meir sportsleg, mens Toyota-en berre har eitt standard oppsett. Dette gjer at bilen som ser minst heftig ut, har større evner i retning av det køyremessig artige.

Artikkelen held fram under biletet.

FORSKJELLAR: Det er vel inga overdriving å seia at dei to produsentane har valt å avrunda bilane på ulike måtar.
FORSKJELLAR: Det er vel inga overdriving å seia at dei to produsentane har valt å avrunda bilane på ulike måtar.

No skal det seiast at ingen av køyretøya har ei motorisering som byr opp til heftige opplevingar, men Niro-en kjennest genuint kvikk i akselerasjon opp til middels fart. Her er C-HR mindre festleg.

På vegen hentar Toyota-en seg inn, for dei har treft svært godt med oppsettet til bilen. Ein såpass kort og høg bil blir lett ei stump oppleving, men dei japanske ingeniørane har verkeleg finstilt måleinstrumenta her, og bilen er både stram og komfortabel. Toyota har nok eit ønske om å treffa unge og litt kule folk, og då betyr slike ting noko.

Merksemd

På merksemdsskalaen gjer C-HR reint bord. Det er ikkje daglegvare at folk stoppar opp og ser på ein Toyota, mens Kia-en er så anonym at folk knapt huskar fargen på bilen ti sekund etter at han har passert.

Artikkelen held fram under bileta.

FUNKSJONELT: Innvendig er det materialar som står i stil med pris og segment. Kia Niro har i tillegg mykje utstyr.
FUNKSJONELT: Innvendig er det materialar som står i stil med pris og segment. Kia Niro har i tillegg mykje utstyr.
MODERNE: Innvendig er Toyota C-HR meir moderne enn Kia Niro.
MODERNE: Innvendig er Toyota C-HR meir moderne enn Kia Niro.

Ser ein på det praktiske forstår ein at Niro vinn med solid margin når du slår hovudet i dørkarmen når du set deg inn i baksetet til C-HR. Der vil også ein normalt bygd person få problem med å strekkja ut nakken, mens barna vil klaga på manglande utsikt på grunn av små vindauge. Her er Niro reine drivhuset, med store glasflater og solid takhøgd.

Det blir forlengd til bagasjerommet, der Niro har plass til 50 liter meir enn C-HR.

Velutstyrt

Førarmiljøet i C-HR verkar hakket meir moderne enn førarmiljøet ho Kia. Samtidig er det ganske enkle interiøret i Niro sympatisk velfungerande, slik heile bilen verkar. Kia har skrudd saman ein svært god bil, eit transportmiddel for dei som ikkje bryr seg om bil. Eit typisk fornuftig kjøp. Begge bilane leverer god drivstofføkonomi, mens Toyota også byr på karakter. For det må du betala med litt av det praktiske. Samtidig er det gøy at den trauste bilprodusenten dreg til litt når det gjeld utsjånad.

Artikkelen held fram under bileta.

SNART LADBAR: Over sommaren kjem Kia Niro i tillegg som ladbar hybrid.
SNART LADBAR: Over sommaren kjem Kia Niro i tillegg som ladbar hybrid.
SALBAR: Toyota reknar med å selja vel 2500 C-HR hybrid i år, og knapt 500 med firehjulstrekk.
SALBAR: Toyota reknar med å selja vel 2500 C-HR hybrid i år, og knapt 500 med firehjulstrekk.

Både Toyota og Kia har gode utstyrspakkar. Bilane har tre nivå, dermed er det lett å sjå kva sluttsummen blir. Og vel du toppnivået blir bilane spekka med saker som for kort tid sidan berre fanst på bilar i eit mange gonger så høgt prissjikt.

Skulle du vera i tvil om kva som passar deg best, forsvinn nok tvilen så fort du har vore i fysisk kontakt med begge. Med ganske så like drivlinjer er det dei personlege preferansane rundt utsjånad og det praktiske som spelar inn her.

Skal du gi bilane personlegdom kan du seia at dei er høvesvis introvert og ekstrovert.

(©NPK)

Til toppen