– Lokale vedtekter og forhold avgjer om du får lov til å tenne eit sankthansbål eller ikkje, seier Rolf Søtorp, administrerande direktør i Norsk brannvernforeining.
– Der dei lokale vedtektene ikkje seier noko om dette, gjeld eit generelt bålforbod mellom 15. april og 15. september. I denne perioden må ein søke om løyve til å tenne bål hos sitt lokale brannvesen. Meir om dette finst normalt på heimesidene til kommunane, seier Søtorp.
Både praksis og bøtesatsar varierer noko blant politidistrikta i landet.
– Ulovleg bålbrenning og uforsiktig omgang med eld, blir normalt bøtelagt med 5.000 kroner i vårt politidistrikt, seier Lina Pettersen, politiadvokat i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.
Norsk brannvernforening ber folk passe på ungar og hundar når bål og grillar skal tennast – ofte er det kraftige flammar som kastast lang veg med vinden. Ikkje pøs på med tennvæske, ver forsiktig når du tenner på og ha masse vatn i nærleiken som du kan sløkke med.
(©NPK)