PÅ G18 LANDSLAGET: Kampen enda 1-1 mot Austerrike på Storstadion i Sandefjord.
PÅ G18 LANDSLAGET: Kampen enda 1-1 mot Austerrike på Storstadion i Sandefjord. (Foto: Thomas Brekke Sæteren)

Ulrik Fredriksen spelte på landslaget

Det var onsdag denne veka Sogndal-spelaren debuterte på det norske G18 landslaget.

Sogndal: Forsvarsspelaren i Sogndal spelte frå start på det norske G18 landslaget i kampen mot Austerrike, som var onsdag denne veka.

Kampen som enda 1-1 var på Storstadion i Sandefjord.  

– Det var utrolig moro og stort for meg å få debutere på landslaget. Ein draum som gjekk i oppfylling rett og slett, fortel Fredriksen til sogndalfotball.no. 

Fredriksen har vore på landslagssamling ein gang før. Den gangen var det berre trening, og han måtte reise attende til Sogndal for å spele kamp.

Om landslagskampen mot Austerrike sier Fredriksen til sogndalfotball.no at på landslaget har dei ein litt anna spelestil enn i Sogndal, så det var litt uvant.

– Eg vart også flytta opp som spiss dei siste 10 minuttane som ein del av kampplanen vår. Dette resulterte i ett annullert mål for meg, avsluttar Fredriksen.

Til toppen