Aurland: Ein bil og ein motorsykkel har kollidert i Flåm, det skriv Vest politidistrikt på Twitter klokka 20:10.
Klokka 20:53 melder Helse Førde AMK at ein mann vert frakta til Førde sentralsjukehus i luftambulanse.
– Motorsyklisten flaksa av sykkelen og landa nede i elva, men kom seg opp at sjølv vart det sagt, seier operasjonsleiar Lars Geitle til Porten.no.
Politiet fekk melding om ulukka klokka 19:57. Kollisjonen skjedde ved elva på Nedre Brekkevegen, som går fra E6 og ned til Flåm sentrum, opplyser Politiets operasjonssentral.
Geitle seier at politiet er på staden og dirigerer trafikken.
Bilbergar er på staden og vegen er open, skriv politiet klokka 21:04.