Gulen: Ein bil med fire personar har kjørt av vegen og ned i ei elv, melder politiet. Ulukka skjedde 21.40 onsdag på E39 midt mellom Kringla og Instefjord i Gulen kommune.
Passasjerane er ein mann og ei dame i 50-åra, ein mann i 30-åra og ein mann i 20-åra. Dei har opplyst til politiet at dei er «mørbanka».
– Tilsynelatande har det gått bra med passasjerane. Ein person har kuttskader i handa, seier Tatiana Knappen ved operasjonssentralen til Porten.no klokka 00.14.
Tre av dei er sendt i ambulanse til Haukeland Universitetssjukehus. Ein er sendt til Nordhordland legevakt.
Porten.no oppdaterer saka. Har du bilete eller tips? Kontakt oss på tips@porten.no eller 97546895.
Hol i autovernet
Bilen kom frå Bergen og kjørte gjennom autovernet. Ulukka skjedde i ein sving i 60-sone.
– Politi og bilbergarar er på staden. Det er nokre meter ned ei skråning, så bilen må hevast. Dei held på med å sage ned tre for å få dette til, seier Knappen.
Ho opplyser at det er glatt og mykje hagl i området.
– Bilen kan muligens ha rulla rundt før den landa på hjul i elva. Men dette er ikkje verifisert, seier Knappen.
Avhør av passasjerane blei gjennomført på staden.