ULUKKE: Det er på Fv55 i nærleiken av Turtagrø mellom Fortun og Sognefjellet at ulukka har skjedd.
ULUKKE: Det er på Fv55 i nærleiken av Turtagrø mellom Fortun og Sognefjellet at ulukka har skjedd. (Foto: Mapbox)

Ulukke mellom bil og mc på Turtagrø - ein person skadd

Den skadde er frakta til sjukehus med luftambulanse.

Luster: Politi, ambulanse og luftambulanse rykka ut til ei ulukke ved Fv55 Turtagrø på veg opp mot Sognefjellet i Luster. Det meldte politiet på Twitter klokka 15:35. 

– Det er kollisjon mellom ein bil og ein motorsykkel, og motorsyklisten er skadd, opplyser Lars Geitle ved Vest politidistrikt. 

Den skadde føraren av motorsykkelen er no frakta til sjukehus med luftambulanse, og vegen er open for fri ferdsel.

– Føraren av motorsykkelen er tysk statsborgar, og dei to personane som var i bilen er opplyste og uskadde, seier Geitle.

Påkøyrsel bakfrå

Motorsyklisten skal ha køyrt på bilen bakfrå, 400 meter frå Turtagrø hotell ned mot Fortun i Luster.

Har du tips eller bilete? Send til 95189395 eller tips@porten.no.

Til toppen