FALLULUKKE: Ein mann vart laurdag sendt til Førde sentralsjukehus i luftambulanse etter ei fallulukke ved Sogn Skisenter.
FALLULUKKE: Ein mann vart laurdag sendt til Førde sentralsjukehus i luftambulanse etter ei fallulukke ved Sogn Skisenter. (Illustrasjonsfoto: Jan Christian Jerving / Arkiv)

Ulukke på Sogn Skisenter - mann henta i luftambulanse

Ein mann er frakta med luftambulanse til Førde Sentralsjukehus etter ei fallulukke på Sogn Skisenter.

Luster: Helse Førde melder på sin Twitter-konto at det har skjedd ei fallulukke kring klokka 16 laurdag ettermiddag. 

Runar Tørvi, dagleg leiar ved Sogn Skisenter, fortel at den skadde mannen sjølv ringte skisenteret og bad om hjelp etter ulukka. Hendinga skjedde utanfor ei av dei preppa løypene ved senteret. 

– Mannen var bevisst, men sa at han hadde smerter i ryggen etter eit fall, seier Tørvi til Porten.no.  

Dei fekk frakta mannen trygt ned frå skibakken ved hjelp av ein skipatrulje og ei trakkemaskin. 

Deretter tok Helse Førde over og mannen vart frakta til Førde Sentralsjukehus i luftambulanse. 

Til toppen