Lærdal: Oppdatering 20:57: Ambulanse har teke med seg til førar for sjekk. Ein beringsbil er på staden om kort tid og hentar bilen. Entreprenør er på veg for å strø.
Politiet melde klokka 20.00 at ein bil hadde køyrt i ei snøfonn eller fjellvegg i Mørkedalen like overfor Borlaug på veg ned frå Hemsedalsfjellet.
Det var opplyst å vera snø og glatt på vegen. Airbagen vart utløyst, og éin person var opplyst å vera i sjokk. Det er ukjent kva som var årsaka til ulukka.
– Det er meldt om ein del materielle skadar på køyretøyet, skriv politiet.
Ingen andre bilar skal vera involverte. Vegtrafikksentralen melde klokka 20:12 at det var redusert framkomme på staden. Politiet melder 21:40 at trafikken kan passera.
Det er ikkje opplyst ytterligare skadar på bilføraren, ein mann i 40-åra.
Har du tips eller bilete? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.