Sogndal: Klokka 10:13 fekk politiet melding om at ein lastebil har velta utanfor Fjærlandstunnelen. Ulukka skjedde på jølstersida av tunnelen.

– Ingen fastklemte. Naudetatar på veg, skreiv politiet i den første meldinga 10:22.
Utifrå bileta ser lastebilen ut til å ha ein sprøyterobot påmontert i fronten, utstyr som blir brukt til tunnelarbeid. For tida er Støylsnestunnelen langs Kjøsnesfjorden i ferd med å bli forlenga frå rundt to 2 til 8,5 kilometer.
I ei pressemelding skriv politiet at ingen av dei to i lastebilen kom til skade. Det er ikkje mistanke om ruskøyring.
– Førebels tyder hendingsforløpet på at eitt hjulpar kom utfor asfaltkanten på høgre side, og ved forsøk på å komma opp på vegen igjen skjente lastebilen over til venstre og velta, skriv dei i pressemeldinga.
I 12:30-tida var det manuell dirigering på staden. Bilbergar var komen fram.
– Politiet har avslutta på staden, men har oppretta sak, opplyser dei.
Har du tips eller bilete? Send til 907 03 711 eller tips@porten.no.