SAMANSTØYT: To tog kolliderte på Bergkvam stasjon på Flåmsbana i fjor sommar. Bileta er frå rapporten til Havarikommisjonen, som nyleg vart publisert.
SAMANSTØYT: To tog kolliderte på Bergkvam stasjon på Flåmsbana i fjor sommar. Bileta er frå rapporten til Havarikommisjonen, som nyleg vart publisert. (Foto: Statens havarikommisjon)

Ulukkesrapport: Difor kolliderte toga på Flåmsbana

Menneskeleg svikt og manglande rutinar truleg årsak.

Aurland: Det var 31. juli i fjor at to tog på Flåmsbana kolliderte etter dei kom inn på same spor. Det var rundt 800 personar på dei to toga. Fire passasjerar og ein tilsett fekk lettare skader i ulukka. 

I ein fersk rapport konkluderer havarikommisjonen med at menneskeleg svikt og manglande rutinar truleg var årsak til ulukka.

NRK var dei første til å melda om funna i rapporten.

På Flåmsbana har ein togekspeditør ansvar for å senda og motta togmeldingar, stilla signal og styra sporvekslaren. Det er ingen tekniske barrierar som kan hindra menneskelege feil.

Havarikommisjonen ber Bane NOR om å vurdera risikoen ved å ha denne praksisen, som er tilfelle på 22 tilsvarande stasjonar. I tillegg blir dei bedt om å undersøka om det er mogleg å redusera farten slik at lokførar får tid til å reagera om fare for samanstøyt blir oppdaga.

Til toppen