KRAFTIG SMELL: Sjåføren av denne Volvoen mista kontrollen på Hemsedalsfjellet i dag tidleg. Etter kollisjonen vart han sittande i over ein time og venta på hjelp, hevdar han sjølv.
KRAFTIG SMELL: Sjåføren av denne Volvoen mista kontrollen på Hemsedalsfjellet i dag tidleg. Etter kollisjonen vart han sittande i over ein time og venta på hjelp, hevdar han sjølv. (Bilde: Privat)

Ulukkessjåføren hevdar brøytebilane ignorerte han i over ein time

Vegvesenet nektar og seier dei har bevis.

Lærdal: Det var rundt klokka 06.15 i dag tidleg at ein personbil kræsja i ein lyktestolpe på Hemsedalsfjellet og hamna utanfor vegbana. Der vart han ifølge eige vitnemål sittande i over ein time medan ein traktor med brøyteskjær passerte minst fire-fem gongar.

Det opplyser stemora til guten til Porten.no. Ho har meldt saka til politiet.

– Ein ting er at dei er plikta til å stoppa uansett. Enno verre er det med tanke på det forferdelege vêret som var der. Han sat der med knust takluke, det snødde, blåste heilt forferdeleg og det var null grader. Hadde han vore i sjokk, så kunne dette ha gått riktig ille, seier Siw Bull.

Statens vegvesen hevdar på si side at brøytebilane berre køyrde forbi èin gong og dèt var for å komma til næraste snuplass. Då sjåføren kom tilbake såg han at bergingsbilen allereie var på plass.

– Då var det heller ikkje grunnlag for å stoppa. Då får han heller jobba med å brøyta vegen, seier avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens Vegvesen region vest.

Hoppa rett i bilen etter ulukka

Det var grytidleg laurdag morgon at stesonen til Siw Bull sette seg i bilen frå Lærdal på veg austover. Då han kom opp på Hemsedalsfjellet var det glatt og slafsete. Ved Eldrevatnet, rett før grensa til Hemsedal, mista han styringa. Bilen kræsja i ein lyktestolpe og vart ståande eit par meter utanfor vegbana.

Klokka 6.20 ringte guten til faren, som jobbar i brannvesenet og tilfeldigvis hadde kommandovakt den dagen. Faren fekk varsla politi og AMK om ulukka.

SLAPSEFØRE: Slik såg det ut på Hemsedalsfjellet ein time etter ulukka.
SLAPSEFØRE: Slik såg det ut på Hemsedalsfjellet ein time etter ulukka. Foto: Privat

Siw Bull hoppa rett i bilen og kom fram til stesonen på fjellet litt over ein time etter at dei hadde fått melding om ulukka.  

– Heile fronten og panseret var bøygd opp og knust innover. Likevel fortalte han at det hadde gått bra, seier ho.

– Tull og tøys

Letta gjekk fort over til sinne då stesonen fortalte om brøytebilane som ikkje hadde hjelpt han. Fleire personbilar hadde òg køyrt forbi, fire hadde stoppa.

Bull vart så provosert at ho gjekk ut i vegen og fekk stoppa traktoren som dreiv og brøyta.

– Han sa han trudde alt stod bra til då han såg stesonen min bli sittande i bilen. Slik går det ikkje an å tenka. Bilen var totalvraka og stod fleire meter unna vegen, med naudblinken på og med ein stor lyktestolpe han hadde knekt, seier Bull.

Ho kjøper ikkje påstanden til vegvesenet om at brøytebilen berre skal ha passert èin gong frå ulukka skjedde og til situasjonen var avklara.

– Det er berre tull og tøys. Viss det ikkje hadde blitt brøyta på den timen det tok før eg kom fram, så hadde ikkje vegen vore framkommeleg. Hadde ikkje eg stått midt i vegen og lyst traktorsjåføren som kom midt i auga, så hadde han ikkje stoppa han heller, seier ho.

Politimelder saka uansett GPS-bevis

Svenn Egil Finden i vegvesenet seier at røyrslene til både traktorane og brøytebilane deira blir GPS-logga i sanntid. Desse dataa er det ikkje mogleg å manipulera og dei blir vanlegvis brukte for å kontrollera timelister og sjekka om brøytinga blir rett utført.

Men dei kan òg bli nyttige viss saka skulle gå så langt som til retten.

– Me har dei bevisa me har. Om dei stemmer med hennar observasjonar, det vil no tida visa, viss ho vel å melda det, seier Finden.

Det er Bull fast bestemt på å gjera, sjølv etter å ha høyrt om GPS-logginga. 

– Saka blir politimeld, for dette er uaksom oppførsel. Det er ikkje lov å køyra forbi så mange gonger og ikkje stoppa ein einaste gong, seier Bull.

Til toppen