Årdal: Klokka 23.02 melder politiet at vegen mellom Årdalstangen og Øvre Årdal er opna att etter ulukka tidlegare på dagen. Den havarerte bussen er taua vekk og vegbana er rydda.
Bussjåføren, ein mann i 60-åra frå Sogn, vart erklært død på staden.
– Fordi det er snakk om eit dødsfall, så har det blitt gjort åstadsundersøkingar. Ulukkesgruppa til Statens vegvesen har òg vore på staden. Det er grunnen til at det har tatt tid å opna vegen, opplyser vakthavande ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt.