Bil har punktert to hjul på E39: – Uklart kva som har skjedd

Bil har punktert to hjul på E39: – Uklart kva som har skjedd

Berre ein bil skal vere involvert.

Eit trafikkuhell stengjer Matrebergtunnelen ved Matre på E39. 

Det skriv Vest politidistrikt på Twitter. 

Litt over klokka 14 skriv dei at tunnelen er opna mot manuell dirigering. Bilbergar er på veg til staden.

– Det er uklart kva som har skjedd, men ein bil har punktert på to hjul, skriv Vest politidistrikt. 

Dei skriv vidare at det ikkje er meldt om personskade, og at naudetane er på veg til staden. 

Porten.no oppdaterer saka. 

Til toppen