ULUKKER: Ei av ulukkene som har vore i nærleiken av Erisbakken, som ein ser i bakgrunnen. Men når det ikkje blir personskade kjem ikkje ulukka med i Vegvesenet sin statistikk, så slike ulukker har ikkje automatisk noko å seia i Vegvesenet sine vurderingar av fartsgrensa på den aktuelle staden.
ULUKKER: Ei av ulukkene som har vore i nærleiken av Erisbakken, som ein ser i bakgrunnen. Men når det ikkje blir personskade kjem ikkje ulukka med i Vegvesenet sin statistikk, så slike ulukker har ikkje automatisk noko å seia i Vegvesenet sine vurderingar av fartsgrensa på den aktuelle staden. (Bilde: Privat)

– Umogleg å forstå at ikkje fartsgrensa blir sett ned  

– Marginane er så ørsmå og konsekvensane så kjempesvære, seier Petter Andresen om 80-sona på riksvegen som går tvers gjennom gardstunet.

Lærdal: – Eg har mange gonger poengtert overfor Vegvesenet faren for oss som bur og jobbar kloss opp mot vegen. Og svara eg har fått vil eg seia er usaklege.

Petter Andresen driv Frigard, som ligg i Erisbakken i Lærdal. Tvers gjennom gardstunet går riksveg 5. Her er fartsgrensa 80 km/t.

Andresen har i ti år ramsa opp argument for at grensa bør setjast ned.

– På det meste er me 70 mennesker som jobbar her og kryssar vegen fleire gonger dagleg med traktor og reiskap. Tre familiar med til saman fire born bur rundt vegen og borna spring jo mellom husa. Det er så smalt at to store køyretøy ikkje kan møtast utan å bremsa opp og smyga seg forbi kvarandre. Politi og yrkessjåførar meiner fartsgrensa bør ned, kommunen har også prøvd å trykka på for å få ned grensa. Redningstenesta meiner det er direkte livsfarleg med 80-sone her. Så alle er einige, utanom Vegvesenet.

– Arrogante

Han viser til fleire mailkorrespondansar med Vegvesenet, der han har dokumentert med bilete av ulukker som har skjedd i nærleiken og farlege situasjonar som har oppstått grunna kombinasjonen smal veg, mykje trafikk, bakketopp og høg fartsgrense.

– Ulukkesprosenten er for låg, seier Vegvesenet. Likevel er det minst to-tre bilar innnanfor 300 meter frå gardstunet som køyrer av vegen i året. Det er for få avkøyrsler og må vera flyt i trafikken, seier Vegvesenet vidare. Og det blir umogleg å forstå når det er 60- og 70-soner på heile Ljøsne og Tønjum før ein kjem inn i 80-sone eit par kilometer frå Øvre Eri, forbi oss og vidare på Erissletta, før det igjen blir 70-sone forbi sentrum.

SMÅ MARGINAR: Når store køyretøy møtest i Erisbakken, er det ikkje mykje å gå på - særskild ikkje når ein personbil står på haldeplassen
SMÅ MARGINAR: Når store køyretøy møtest i Erisbakken, er det ikkje mykje å gå på - særskild ikkje når ein personbil står på haldeplassen

I eitt av skriva til Vegvesenet viser også Andresen til at dette er eit område med svært mykje hjort som kryssar vegen, at bilistar gjerne stoppar på haldeplassane og snur 180 grader rundt, vidare at svært mange køyrer for fort her, mellom anna for å rekkja ferja på Fodnes.

– Marginane er så ørsmå og konsekvensane så kjermpesvære. Likevel utviser Vegvesenet arroganse i sine svar, seier Andresen.

Eit nyleg tilfelle av ein skummel situasjon var då Helene Maristuen såg borna sine og naboborna springa over vegen for å koma seg på skulebussen.

Les også: Fekk hjarta i halsen då ungane måtte springa over den sterkt trafikkerte vegen til skulebussen

– Det er bestemødre som ligg med mareritt nede i Tønsberg på grunn av fartsgrensa her. Og det er ikkje noko  eg tullar med, seier Andresen. 

Vegvesenet opnar for at fartsgrensa kan bli sett ned

Johannes Tubbene i plan- og forvaltingsseksjonen i Statens Vegvesen region vest seier til Porten.no han ikkje er kjend med at Vegvesenet har nytta flyt i trafikken som argument mot redusert fartsgrense.

Når det gjeld argumentet om få ulukker seier han følgjande:  

– Politiet rapporterar til Statens Vegvesen alle trafikkulukker med personskade. Ulukkene vert registrert i det såkalla STRAKS-registeret, som er Statens vegvesen sitt register over personskade-ulukkene i vegtrafikken. Det er registret ei trafikkulukke i området Erisbakken. Ulukka skjedde i 1977, som følgje av utforkøyring på høgre vegside. Ein person vart alvorleg skadd. Nestenulukker har me ikkje oversyn over.

– Naboane  oppfattar også Vegvesenet som arrogante i dialogen som har vore i saka og meiner det har byrja å bli ei slags prinsippsak frå dykkar side. Korleis kommenterer de det?

– Vurderingane av fartsgrensa på Erisbakken er gjort ved fleire høve, og me meiner desse er basert på fagleg grunnlag.

Likevel kan det vera at naboane no får den reduserte fartsgrensa dei har etterspurd i lang tid.

– Sideaktiviteten langs vegnettet endrar seg over tid. Kriteriane for fartsgrenser er også under revisjon. På bakgrunn av arbeidet med nye kriteriar, og opplysningane i skriv frå oppsitjarane inntil Erisbakken, har me sett på fartsgrensa på nytt. Me vil innhenta politiet og kommunen sine synspunkt på eit framlegg om redusert fartsgrense 60 km/t på ei strekning forbi Erisbakken, seier Tubbene. 

Vil laga opprop

Andresen er klar på at han ikkje gir seg før fartsgrensa er sett ned.

– Dette er ein krig eg har kjempa i ti år, så innan eg reiser herifrå eller døyr her, skal den fartsgrensa ned. Me planlegg ein lovleg demonstrasjon til hausten der me vil samla mest mogleg folk i bygda og laga eit opprop for lågare fartsgrense, seier han

Til toppen