VÊRKATASTROFE: Hausten 2014 vart Lærdal hardt råka av flaum, noko som førte til store skader og over 30 personar måtte evakuere. Foto: Anne Karin Skjær.
VÊRKATASTROFE: Hausten 2014 vart Lærdal hardt råka av flaum, noko som førte til store skader og over 30 personar måtte evakuere. Foto: Anne Karin Skjær.

– Umogleg å forutsjå slike katastrofar

Ein analyse av skadane etter flaumen på Vestlandet i oktober 2014 viser at kommunane har store utfordringar når det gjeld sikring av bygg som vart reist før dagens regelverk om naturskadeførebygging vart innført.

Lærdal: Det går fram ein rapport som Vestlandsforsking publiserte denne veka. Flaumen råka også nye bygg som var oppført i tråd med dagens regelverk. Dette viser kor vanskeleg det er å drive trygg arealplanlegging med eit klima i endring.

I Lærdal blei over 30 personar evakuerte og over 50 mista vegsambandet då flaumen råka kommunen. Flaumen øydelagde også bruer og landsbruksareal. I Flåm var øydeleggjingane endå verre. Her måtte 260 personar evakuere. 

– Utgangspunktet for prosjektet var å analysere i kva grad manglar ved planlegginga kan forklare skadeomfanget, seier prosjektleiar Halvor Dannevig.

– Det ser ikkje ut til at kommunane har gjort opplagte feil i høve til lovverket, funna peikar meir i retning av nokre grunnleggjande manglar med heile plansystemet som me står overfor når det gjeld førebyggjing av naturskade. Desse utfordringane vil bli endå større i framtida, med tanke på uvissa som er knytt til klimaendringane, seier Dannevig.

Artikkelen held fram under biletet.

STORE SKADAR: Etter flaumen i Flåm kom Ap-politikar Jonas Gahr Støre til Sogn for å sjå på skadane.
STORE SKADAR: Etter flaumen i Flåm kom Ap-politikar Jonas Gahr Støre til Sogn for å sjå på skadane.

Erosjonsfare

Analysen av flaumen i Flåmsdalen viser at elva tok med seg bustader som låg utanfor sona for 200-årsflaum, sjølv om hendinga her berre svarte til ein 75-årsflaum. Dette kom av at Flåmselvi grov vekk grunnen som husa sto på. Dette rettar søkelyset mot erosjon som eit viktig tema for det skadeførebyggande arbeidet i åra som kjem, seier Dannevig.

– Mykje merksemd har hittil vore retta mot fare for overfløyming, medan fare for erosjon ser ut til å ha vore mindre framme i risikovurderingane knytt til flaum. Derfor er det truleg naudsynt å leggje meir vekt på å analysere erosjonsfare, venteleg også flaumskredfare, ved faresonekartlegging. Slike vurderingar må i neste omgang ligge til grunn for arealplanlegging og sikringsarbeid.

SAMD: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, er samd i konklusjonane til Dannevig.
SAMD: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, er samd i konklusjonane til Dannevig.

Samd i konklusjonane

Desse konklusjonane er ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, samd i.

– Det er oftare me blir råka av slike katastrofar, og dei har kome litt fort på oss. Men det å kunne forutsjå slike hendingar og øve på slikt er umogleg, seier han og forklarar:

– Det som skjedde i Lærdal var det var umogleg å forutsjå, og så gjekk det så fort. På den eine sida av dalen var dei heilt tørt, medan på den andre sidan var det fire vassdrag som løp løpsk. På Borgund kom det 14 millimeter med nedbør og ingen problem. Det er heilt utruleg.

Sidan det vert gravd meir landskapet og ein får fleire endringar, meiner ordføraren at det er eit ansvar og en kontroll kommunane burde ta. 

Til toppen