TRØNDERSK MÅLROCK: Åge Aleksandersen er eitt av dei store trekkplastra på årets målrock, saman med Gåte, Eva Weel Skram og ein enno ikkje offentleggjort artist.
TRØNDERSK MÅLROCK: Åge Aleksandersen er eitt av dei store trekkplastra på årets målrock, saman med Gåte, Eva Weel Skram og ein enno ikkje offentleggjort artist. (Bilde: Marthe Amanda Vannebo)

Under ein månad att til Målrock 2018: – Det er ein risikosport

Etter fjorårets nedtur er festivalleinga sugne på revansje. Men vêret kan dei ikkje styra, i år heller.

Årdal: Etter sviktande publikumstal i fjor, måtte festivalleiinga i tenkeboksen før dei i det heile ville stadfesta at det blir ny festival i 2018

Styreleiar Katrine Clausen Fredheim er likevel ikkje med på at dei no har kniven på strupen.

– Festivalen er like viktig i år som han er kvart år, enkelt og greit. Dette er risikosport, det er det i år òg, seier ho.

SPENT: Styreleiar Katrine Clausen Fredheim i stiftinga Målrock er spent før årets festival, men ikkje meir enn vanleg. Arkivfoto.

Nedstrippa utgåve

Målrock har gått med raude tal dei siste to åra. No er det under ein månad før det heile brakar laus på ny.

Sjølv om det svikta i fjor, vil ikkje Clausen Fredheim seia at dei er inne i ein dårleg trend.

– Me har hatt ganske mykje dårleg vêr, det er ein trend me ikkje kan få gjort særleg med, seier ho.

Likevel har dei gjort enkelte grep for å ta grep om kostnadane, mellom anna ved å kutta ned festivalen til to dagar. Dette er òg noko publikum har etterspurt.

Kor spente er de, no når det står att under ein månad?

– Me er først og fremst spente på vêret, for det betyr mykje. Og så er me spente på mottakinga av den siste artisten me skal sleppa, om det fell i smak, seier ho.

Tøft reknestykke

Ho seier dei må ha 1500 publikum innom begge dagane for å vera nøgde.

Det er budsjettert med 2,1 millionar i billettinntekter. Den største utgifta er honorar og overnatting til artistane, til saman 1,4 millionar kroner.

Målet er å gå nær 300.000 kroner i overskot.

Førehandssalet har starta, men seier lite om korleis det endar opp til slutt.

– Me sel dei fleste billettane den siste månaden, seier Clausen Fredheim.

– Når får de fasiten på om de har lukkast?

– Den får me ikkje før natt til søndag. Slik er det å driva festival, seier ho.

Til toppen