Lærdal: Då Frode Aga vitja Lærdal i slutten av juni, fekk han prøva det nye Lærdalsbrødet frå det nyoppstarta Smak av Sogn bakeri.

Den tidlegare TV-kokken var i Lærdal for å laga mat til fotball-veteranar frå landslaget etter ein lang dag med fiske i Lærdalselva.
Helene Maristuen, styreleiar i Smak av Sogn, nytta sjansen til å få ein proff vurdering av det nye Lærdalsbrødet.
– Veldig godt, og god smak. Luftig! seier Aga og klappar på brødet.
– Ingenting er som ekte handverk, legg han til.
Den tidlegare TV-kokken, driv for tida Restaurant Hallingstuene på Geilo med kona Berit Kongsvik. I tillegg hender det at tek med seg kokkelua på reisefot rundt i Noreg.
Ei autentisk oppskrift
Maristuen, som har ein bakgrunn innan berekraft og reiseliv, heldt ein Lærdalsbuffet i 2010 på Lærdal hotell. Buffeten bestod av råvarer frå bygda, kor kokekyndige personar deltok med ekte autentiske oppskrifter.

–Buffeten vart snakka om i fleire år etter på, og folk var overraska over kor mykje gode råvarer me har i Lærdal, seier ho.
Då ho no i sommar starta opp bakeri under landhandelen Smak av Sogn, ville ho finna fram til ei brød-oppskrift som representerte Lærdal.
I eit møte med den gamle bakaren Øyvind, frå Coop bakeriet som var i drift for 30 år sidan, kom ho fram til Hushaldningsbrødet.
– Det fanns eitt brød som heitte Hushaldningsbrødet, som er eit halv-grovt brød, og var blant dei mest populære, fortel ho.
– Me oppdaga ei oppskrift som me tenkte måtte vera mest mogleg lik den som var i gamle dager, så det er no Lærdalsbrødet, seier ho nøgd.