KLINK IS: Det kan sjå ut som det er bart og vått, men fleire stader i indre Sogn er det klink is som følgjer av underkjølt regn. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KLINK IS: Det kan sjå ut som det er bart og vått, men fleire stader i indre Sogn er det klink is som følgjer av underkjølt regn. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Underkjølt regn gjer vegane livsfarlege: – Det er stygglatt

Entreprenørane er i full sving med å salta og strø vegane, men om du ikkje absolutt må ut i bil, ber Statens vegvesen deg om å halde deg heime.

Indre Sogn: Etter fleire dagar med minusgrader og klarvêr kom nedbøren onsdag kveld. Regnet frys når det treff asfalten og det skapar livsfarlege forhold i trafikken torsdag.

– Det kan du trygt seia. Det skjer veldig fort, og me har problem med at når me strør, så kapslar det seg inn og blir glatt igjen dei stadene det ikkje er nok trafikk, seier Kjetil Molvær på vegtrafikksentralen.

På hovudvegane er ikkje føret så aller verst, men det er på sidevegane med mindre trafikk at det verkeleg er glatt. Det som kan sjå ut som bart og vått, viser seg å vere klink is.

– Stygglatt

– Det er stygglatt. Me hadde store problem i ytre delar av fylket i går, og no er det kome til indre delar. Me har fått meldingar frå både Utladalen og Bjørgavegen i Aurland om at nærast aldri har vore så gale, seier Molvær.

No står entreprenør på for harde livet for å gjera forholda så bra som mogleg. Utover det må ein ta tida til hjelp.

– Viss ein ikkje må ut, er det i det minste lurt å venta til det er strødd – særleg viss du skal i nedoverbakke og køyrer piggfritt. Ta det veldig med ro, er den klare beskjeden.

Til toppen