UNDERSKOT: 2015-rekneskapen for Årdalsposten viste eit underskot på 17 000 kroner i eit år der dei droppa å leggja ved giro i den første utgåva. Held utviklinga fram, kan det bety slutten for det tradisjonsrike kyrkjelydsbladet fryktar Ruth Jane Øren og Hogne Linga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
UNDERSKOT: 2015-rekneskapen for Årdalsposten viste eit underskot på 17 000 kroner i eit år der dei droppa å leggja ved giro i den første utgåva. Held utviklinga fram, kan det bety slutten for det tradisjonsrike kyrkjelydsbladet fryktar Ruth Jane Øren og Hogne Linga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Underskot for Årdalsposten

Fleire år med underskot vil få konsekvensar for det tradisjonsrike kyrkjelydsbladet, seier Hogne Linga. 

Årdal: Årdalsposten er no inne i sitt 59. år, men rekneskapen for 2015 var inga lystig lesing. Det viste nemleg eit underskot på 17 000 kroner for det tradisjonsrike kyrkjelydsbladet for sokna i Årdal.

Forklaringa på det er enkel, trur Hogne Linga og Ruth Jane Øren. Vanlegvis vert det lagt ein giro for innbetaling av bladpengar i første utgåve kvart år, men dette vart ikkje gjort i fjor då oppmodinga om innbetaling av bladpengar vart trykt i bladet.

Dette vesle grepet fekk konsekvensar for økonomien, så det gjer dei ikkje igjen.

– Det vart eit underskot i fjor, og difor tenkte me det kunne vera lurt å gå ut med informasjon om at giro er vedlagt i år og håpar dette gir ein positiv effekt, seier Linga.

Avhengig av inntekter

Bladet vert gitt ut fire gonger i året og har eit opplag på 2600. Det er trykking og distribusjon som kostar mest, og dette vert åleine finansiert av annonsar og innbetalte bladpengar frå lesarane.

– Desse inntektene er bladet avhengig av for å kunne gi ut fire gonger i året, seier dei.

– Konsekvensen dersom ein ikkje får inn tilstrekkeleg er å gå ned på tal nummer og gjera visse tiltak og eventuelt vurdere heile bladet, fortel Linga vidare. 

Mykje lest

Årdalsposten er til innbyggjarar i Årdal, men også utflytte årdøler eller personar med tilknyting til kommunen. Det er sokneråda i Årdal som er utgivar, og tanken er å spegle aktiviteten deira.

– Det gjeld aktivitet både for ungar og eldre. Me jobbar mykje med trusopplæring, og i bladet finn ein informasjon om kva som kjem framover av gudstenester. Ein del likar også å få med seg kven som er døypt, har gått vekk eller gifta seg. Dette er ein grei måte å informera folk i Årdal om kva som skjer, seier Øren.

– I dag går mykje informasjon på Facebook og nettet generelt, men du har ein del av den eldre garde som likar å ha noko å bla i. Me ser at bladet vert lese, og me har fått ei eiga barneside. Me er nøgde med korleis bladet har utvikla seg dei siste åra.

Frivillig betaling

Kvart år har Årdalsposten gått med eit lite overskot, men i fjor peikte pila feil veg på grunn av grepet dei gjorde med å droppe giro. Det er nemleg slik at det er frivillig om ein ønskjer å bidra med pengar for bladet. 

– Tidlegare var det slik at du abonnerte på bladet, som ei avis. Me hadde lister, og dei fekk tilsendt Årdalsposten. Før eg vart involvert blei det bestemt at bladet skulle sendast til alle husstandar med oppmoding om frivillig betaling. Det var nok mykje arbeid før dei gjorde dette, seier Linga.

Dei to takkar alle som har bidrege med bladpengar og minner om at det framleis ikkje er for seint å betale bladpengar for 2016. 

Til toppen