LYTTAR IKKJE: Nesten halvparten av dei som har svart på innbyggjarundersøkinga til Årdal kommune meiner dei folkevalde ikkje lyttar til innbyggjarane sine synspunkt. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
LYTTAR IKKJE: Nesten halvparten av dei som har svart på innbyggjarundersøkinga til Årdal kommune meiner dei folkevalde ikkje lyttar til innbyggjarane sine synspunkt. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Undersøking: Halvparten meiner politikarane ikkje lyttar til innspela deira

– Det er ikkje noko bra å få det servert, seier Thomas Norheim Moen (Sp).

Årdal: Resultatet går fram av innbyggjarundersøkinga som Årdal kommune nyleg utførte. Der svarar 47,5 prosent av dei som har svart på undersøkinga at dei folkevalde ikkje lyttar til innbyggarane sine synspunkt.

I tillegg er 48,4 prosent er misnøgde med måten dei folkevalde løyser lokale utfordringar på, og like mange er misnøgde med høvet til å påverke kommunale vedtak og korleis kommunen følgjer opp det som er lova.

Thomas Norheim Moen og Marie Helene Hollevik Brandsdal representerer dei to største partia i kommunen i høvesvis Senterpartiet og Arbeidarpartiet, og begge sit i formannskapet. 

PRØVER: Thomas Norheim Moen (Sp) seier han prøver å lytta til alle innspel. 
PRØVER: Thomas Norheim Moen (Sp) seier han prøver å lytta til alle innspel. 

– For det første tenkjer eg at det ikkje er noko bra å få det servert, og så er det slik at eg føler eigentleg at me prøver å lytta så godt me kan. Eg tykkjer det er litt rart, for eg føler ikkje det er nokon som prøver å nå gjennom som ikkje når gjennom, seier Moen. 

– Kan bli flinkare

Det neste steget i prosessen for politikarane no, er å lage ein handlingsplan basert på innspela. Ap-leiaren seier dette kan vere punkt dei må vurdere å ta med.

– Eg ser fram til det arbeidet og tenkjer det er noko me må drøfta framover. Det eg vil seie no er at eg håpar folk tek kontakt med oss. Det er slik me kan få vite ting, seier ho.

Det er Moen samd i. Han seier det hender han får telefonar frå folk som har informasjon om ei sak eller kjem med innspel, men at det er sjeldan.

– Det har skjedd éin gong med meg hittil i denne perioden. Er me ikkje tilgjengeleg nok? Eg er ikkje lengre unna enn ein telefonsamtale, men me kan kanskje bli flinkare til å invitera til opne møte og slike ting. Det er mogleg me som politikarar rett og slett må invitere meir, seier han. 

– TA TAK I OSS: Det er beskjeden for Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap). 
– TA TAK I OSS: Det er beskjeden for Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap). 

– Ta tak i oss

Begge to seier deira parti er mottakelege for innspel og gode idear og understrekar at dei håpar folk tek tak i dei dersom dei har noko på hjartet.

– Men kanskje det kan vere ein idé med ein fast dag i månaden der ordføraren møter innbyggjarane, slik eg veit dei har andre stader, seier Brandsdal.

– Me skal vere ein ombodsperson for folket, så eg håpar folk tek tak i oss, så skal me ta innspela og meiningane deira på alvor, legg Brandsdal til. 

Til toppen