TEK TID: Eit femtitals personar skal inn til intervju og store mengder dokument skal gjennomgåast i samband med den eksterne granskinga av Sogn barnevern. Foto: arkiv.
TEK TID: Eit femtitals personar skal inn til intervju og store mengder dokument skal gjennomgåast i samband med den eksterne granskinga av Sogn barnevern. Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Undersøkinga av barnevernet vert ikkje ferdig før til hausten

Konsulentsselskapet treng meir tid enn dei hadde sett for seg for å kome til botns i dei tidlegare arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern.

Sogndal: Det stadfester ordførar Jarle Aarvoll. 

UDRAMATISK: Ordførar Jarle Aarvoll seier Arbeidsmiljøspesialistene, konsulenttselskapet som har fått i oppdrag å granske Sogn barnevern, skal få den tida dei treng.
UDRAMATISK: Ordførar Jarle Aarvoll seier Arbeidsmiljøspesialistene, konsulenttselskapet som har fått i oppdrag å granske Sogn barnevern, skal få den tida dei treng.

– Arbeidsmiljøspesialistene har gitt tilbakemelding om at dei ikkje vil klara det innanfor dei tidslinjene som vart sett og ba om å få det utsett sånn at dette skal vera klart til første formannskapsmøte til hausten, seier Aarvoll.

Det vil seie at rapporten frå undersøkinga først vil bli presentert når formannskapet har sitt første møte etter ferien den 31. august. Opprinneleg var planen å rekke møtet 1. juni og at kommunestyret skulle få saka til sitt møte 15. juni. No ser det altså ut til at arbeidet dreg ut tre månader i tid.

Les også: Desse vil kontrollutvalet ha til å granske barnevernet
Les også: – Eg har aldri vore borti noko liknande

Konsulentselsskapet sjølve vil ikkje svare på nokon spørsmål om arbeidet, verken om omfang eller metode.

– Eg kan ikkje uttale meg om slike saker når vi jobbar med dei, seier Harald Pedersen, advokat i Arbeidsmiljøspesialistene.

Ordførar Jarle Aarvoll tykkjer utsettinga er udramatisk.

– Det ligg i mandatet dei har fått at dei skal gjere ein best mogleg jobb, så får ein ta tidsbruken og kostnaden ut ifrå det.

SERIØS GRANSKING: Leiaren i kontrollutvalet, Arnt Olav Munthe (H), seier det innleigde granskarane tek oppgåva seriøst.
SERIØS GRANSKING: Leiaren i kontrollutvalet, Arnt Hovland Munthe (H), seier det innleigde granskarane tek oppgåva seriøst.

Leiar i kontrollutvalet i kommunen, Arnt Hovland Munthe (H), trur kostnaden vert noko høgare enn dei 400.000 som først vart førespegla, men at det ikkje er snakk om dramatiske summar.

Han seier dei hadde eit møte med Arbeidsmiljøspesialistene for eit par veker sidan for å få status på framdrifta.

– Sjølv var eg ikkje tilstades, men bodskapen var at omfanget av oppdraget var større enn dei hadde rekna med. Det kunne me eigentleg ha sagt til dei på førehand, seier Munthe.

Han opplyser at dei innleigde konsulentane skal intervjue eit femtitals personar og gå gjennom eit enormt dokumenttilfang. 

– Dei jobbar seriøst med dette og er opptekne av å ha ein skikkeleg gjenngang og få vurdert alle sider. Det krev denne ska, seier Munthe.

Til toppen