NAMNEENDRING: Fellesorganisasjonen har foreslått å endre namn på tenesteområdet spesialomsorg til bu- og miljøtenesta. Det undrar Hilde Horpen og Senterpartiet seg over. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
NAMNEENDRING: Fellesorganisasjonen har foreslått å endre namn på tenesteområdet spesialomsorg til bu- og miljøtenesta. Det undrar Hilde Horpen og Senterpartiet seg over. Foto: Truls Grane Sylvarnes.  ( Foto: Truls Grane Sylvarnes/arkiv)

Undrar seg over forslag til å byte namn på spesialomsorg

Hilde Horpen og Senterpartiet skjønnar ikkje heilt kvifor tenesteområdet spesialomsorg skal få nytt namn. 

Årdal: Det er Fellesorganisasjonen som foreslår ei namneendring frå spesialomsorg til bu- og miljøtenesta, men Horpen skjønte ikkje heilt poenget.

– Senterpartiet stiller seg litt undrande til å skifte namn. Me synest bu- og miljøtenesta omfattar meir enn det er meint. Eg tenkjer sjølv at spesialomsorg oppsummerer godt kva det skal vere. Viss ein samanliknar det med eldreomsorg, så omfattar det også det som det er tenkt, sa ho då formannskapet hadde saka til handsaming.

Bakgrunnen for namneendringa er Fellesorganisasjonen meiner spesialomsorg kan vere misvisande og stigmatiserande i høve tenestemottakarane og tenesteytarane. 

Tenesteområdet yter i dag eit breitt spekter av tenester til personar med nedsett funksjonsevne og personar med psykisk liding. Desse teneste vert ytt i bufellesskap, som oppsøkjande tenester og lågterskel-tilbod. 

– Eg er klar over at det kan verke stigmatiserande, men eg kunne godt tenkja meg at me diskuterte namnet litt meir. Eg tykkjer det framleis er misvisande, sa Sandra Opheim (MDG).

Hilmar Høl (Ap) på si side klarar ikkje å sjå det stigmatiserande i det.

– Kanskje det er fordi eg har vore med for lenge. Er det stigmatiserande at me har eldreomsorg, omsorg berre for eldre?

Høl kom heller med forslag om at gruppeleiarane for dei ulike partia tek med seg saka tilbake til partia og diskuterer namnet der før ein eventuelt kjem med forslag i det neste kommunestyret, noko resten av formannskapet var samd i. 

Til toppen