NYTT HÅP: Abenezer (5) går i barnehage i Sogndal, der han får tett oppfølging av fagfolk på grunn av alvorleg autisme. No har familien fått nytt håp om at dei kan få bli verande i landet.
NYTT HÅP: Abenezer (5) går i barnehage i Sogndal, der han får tett oppfølging av fagfolk på grunn av alvorleg autisme. No har familien fått nytt håp om at dei kan få bli verande i landet. (Foto: Bård Siem/NRK)

UNE ville kaste ut den autistiske fireåringen, må handsame saka på nytt

Sivilombodsmannen meiner Utlendingsnemnda (UNE) braut både barnekonvensjonen og grunnlova då dei avslo opphaldsløyve for Abenezer (5) og familien i Sogndal.

Sogndal: Det var i november i fjor at historia til då fire år gamle Abenezer og familien vart kjent. Guten er fødd og oppvaksen i Sogndal, har alvorleg autisme, men stod i fare for å bli kasta ut av landet etter at familien fekk avslag på søknaden om opphaldsløyve.

Avslaget skapte reaksjonar i lokalsamfunnet, mellom anna stilte eit samla politisk miljø i Sogndal seg bak kravet om at UNE måtte gjere om vedtaket.

No har Sivilombodsmannen kome med si vurdering av saka, skriv NRK. Han er kritisk til at UNE vil sende ut Abenezer, utan at helsetilbodet i returlandet er vurdert.

– Kravet om at ein skal vurdere barnets beste er sentralt og det følgjer både av barnekonvensjonen og grunnlova. Det er viktig at dette kravet blir følgt og vi har difor bede UNE behandle saka på nytt, seier sivilombodsmann Aage Thor Falkanger til statskanalen.

UNE har fått med seg kritikken og svarar til NRK at dei forheld seg til brevet fra ombodsmannen. Samstundes lover dei å sjå på saka på nytt.

Til toppen