Ung 17.mai talar imponerte i Lærdal

Lærdal har feira årets nasjonaldag med folketog, musikk og talar. 

Lærdal: I Lærdal byrja feiringa av Noregs nasjonaldag med innslag frå musikklaget. Dei spela ved sjukehuset og mange hadde møtt opp for å høyre på. 

Det tradisjonelle folketoget gjekk frå bu- og omsorgsheimen, vidare ned mot bautastein. Ved bautastein var det kransenedlegging. Deretter gjekk dei til kvammegården. 

I kvammegården blei det song og talar. Hovudtalarane for årets nasjonalfeiring var 13 år gamle Inger Johanne Kaardal. Denne oppgåva utførte ho med glans. 

 

Til toppen