SATSAR: Berre 28 år gamal, har Terje Thorsnes vore dagleg leiar for Sognehus As i seks år. No satsar han vidare med det nyoppstarta selskapet Sognehus Eigedom.
SATSAR: Berre 28 år gamal, har Terje Thorsnes vore dagleg leiar for Sognehus As i seks år. No satsar han vidare med det nyoppstarta selskapet Sognehus Eigedom. (Foto: Privat)

Ung eigedomsutviklar satsar vidare: – Kjekt å ha fleire bein å stå på

– Me har drive litt i det trygge og har vore litt forsiktige med å satsa for mykje til å byrja med, seier Thorsnes.

Sogndal: Nyleg starta hus- og hytteleverandøren Sognehus eit nytt prosjekt på hytteområdet Hodlekve i Sogndal, der dei vil byggja totalt fem leilegheitskompleks.

Då såg den 28 år gamle daglege leiaren Terje Thorsnes behov for å utvida og oppretta eit eige eigedomsselskap, Sognehus Eigedom. 

– Etterkvart som me veks har me blitt tryggare på det me driv med. No tek me steget med å byggja på eigne tomter, samt å selja i tillegg. Det er kjekt å ha fleire bein å stå på, seier Thorsnes.

Selskap i vekst

Sognehus As har vakse til 21,5 millionar kroner i omsetnad sidan Thorsnes starta selskapet for seks år sidan i 2012, berre 22 år gamal. 

Han var som liten veldig interessert i å byggja ting, og heldt stadig på med nye byggverk i hagen til mor og far. Som vaksen er byggjegleda den same, og det er spesielt to ting som driv han.

– Eg har aldri i mitt liv vore oppteken av å bli rik. Eg likar å skapa og det å følgja med på utviklinga av noko, og så er eg òg veldig glad i folk. Så det som driv meg mest er å skapa ting saman med andre, seier han. 

Han seier at han alltid har hatt ein gründer i seg, og alltid har vore interessert i å finna smarte investeringar. Blant anna kjøpte han leilegheit i ein alder av 21, og hytte då han var 24. Som 26-åring kjøpte han eit utleigehus i Sogndal. 

– Eg har alltid vore glad i å utfordra meg sjølv; testa nye ting og tora å ta val som dei fleste på min alder vert fraråda og ikkje torer å gjera.

Thorsnes: – Fekk for mykje arbeid

Han fortel at det gjekk fort då Sognehus først kom i gong, slik at det til og med kunne bli for mykje arbeid.

– I byrjinga hadde me ei passeleg mengde arbeid, og så plutseleg eksploderte det og me fekk altfor mykje arbeid. Til dømes var 2016 eit katastrofeår.

I 2016 fekk dei det travelt då førespurnadane hagla inn, og samstundes gjekk bedrifta igjennom ei omstrukturering, der Thorsnes kjøpte ut medeigaren, og gjekk inn som einaste eigar og dagleg leiar i bedrifta.

– 2017 var eit kjempeår. Me har jo investert veldig mykje, og då kostar det litt dei første åra å byggja seg opp til eit solid og stort selskap som kan driva godt og driva trygt framover. Me håpar at 2018 og 2019 vert endå betre, seier han.

Thorsnes: – Ei anna kundegruppe

Hodlekve er eit område der det hovudsakleg vert bygd fritidsbustader og hytter, og er særleg attraktivt for skituristar sidan det ligg rett attmed Sogndal Hodlekve skisenter.

Tidlegare i år kjøpte Sognehus tomta av Sognefjorden Utvikling, som står for utbyggjing av tomter, anlegg og veg på området.

Thorsnes eig sjølv hytte i området og seier seg sikker på at det er marknad for ei litt annleis hytte, då i form av leilegheiter.

– Til no har det kun vore bygd hytter der, men me vil no prøve å nå ut til ei litt anna kundegruppe som ønskjer å koma og vera i leilegheita og stå på ski, utan å måtte slå gras og måla veggar.

– Det blir leilegheiter i hyttestil for dei som ønskjer ei hytte, men som ikkje ønskjer vedlikehaldet, sler han fast.  

Saka held fram under biletet. 

HYTTESTIL: Ein viktig prioritering for Thorsnes var at leiligheitskompleksa skulle gå i samsvar med stilen i området. Foto: Sognehus As

Han legg vekt på at det var viktig for dei at leilegheitene stod i stil med hyttene som allereie var på området. 

– Det var veldig viktig for oss å bygga i same stil, og det var ikkje minst veldig viktig for Sognefjorden Utvikling at det måtte sjå ut som hytter. Så det var høgt prioritert. 

Thorsnes: – Fleire kjøper for å leiga ut  

Ifølgje Thorsnes har hans eiga hytte vist seg å vera ei god investering og seier at han ofte leiger ut til skituristar. 

Noko han trur kundar òg kan sjå verdien av: 

– Eg kjenner området godt, eg kjenner til utviklinga og kundegruppa. Eg kjenner meg veldig, veldig trygg på at dette her er eit prosjekt som mange kjem til å lika.

– Eg trur at mange vil kjøpa både for investeringa sin del og for å bruka bustaden sjølv. Det har vorte populært å kjøpa for å leiga ut i Hodlekve akkurat no, seier han.

Til toppen