Ung mann og kvinne til arresten
(Foto: Illustrasjon)

Ung mann og kvinne til arresten

Truande åtferd førte til at ein ung mann og ei ung kvinne måtte tilbringe natt til laurdag i arresten. 

Sogndal: Ein mann i 30 åra og ei kvinne i 20 åra vart i natt satt i arresten etter å ha vore truande/amper ved taxi sentralen, dette melder politiet på sin Twitterkonto. 

Politiet melder også om ein mann som vart mistenkt for promillekøyring i Sogndal sentrum. Mannen vart teken med til lege for blodprøve. 

Politiet måtte også ta hand om ei lita jente som var ute og vandra på eigahand i Sogndal. Faren har no tatt kontakt med politiet og er sett i kontakt med dei som fann den vesle jenta. Saka vert fulgt opp av barnevernet. 

Til toppen