Sogn: Litt over midnatt kom ein politipatrulje over ein mann som vifta med softgun i Sogndal sentrum. Mannen var på rundt 20 år.
– Den er lett å forveksle med andre våpen. Dette vil me ikkje ha på offentleg stad, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidisitrikt.
Den unge mannen vart sendt vekk frå sentrum, og politiet konfiskerte våpenet.
– Det var ikkje noko trusselsituasjon. Det virka ikkje som nokon kjente seg truga. Han berre vifta med den, seier Algrøy.
Det blir oppretta sak.
Les óg: Simon har sett seg lei: – Det har alltid vore tjuvfiske. Men ikkje på dette nivået
Travel natt i distriktet
Sett vekk frå dette var det ikkje dei store hendingane i Sogn denne natta.
Vest politidistrikt hadde likevel nok å henge fingrane i.
– Det var ein del ordenforstyrringar og andre ting, seier Algrøy.
Vest politidistrikt hadde 110 registrerte hendingar. 35 av desse var ordenforstyrring, slagsmål og forstyrring av nattero.
To personar måtte i arrest grunna ordenforstyrring. Ein anna vart sett i varetekt for å ha truga med kniv.