Sogn: På det digitale nominasjonsmøtet for SV i Sogn og Fjordane laurdag vart Hege Lothe nominert på førsteplass på stortingslista. Det er 35 år sidan førre gong ein nordfjording toppa SV-lista og første gong SV stiller til val med ein gløppar på topp, opplyser partiet i ei pressemelding.
– Sogn og Fjordane har både kultur, natur og næring som er viktige å ta vare på, kjempe for og utvikle inn i framtida. Difor vil eg arbeide for vår plass i verda, for eit sjølvstendig Sogn og Fjordane, for internasjonal solidaritet, for klima og for mindre forskjellar mellom folk, seier Hege Lothe.
Bak ho på lista står den unge sogningen, Hans Christian Knudsen frå Sogndal. Andre sogningar på lista er Vibeke Johnsen, på tredje plass, frå same kommune. På åttande plass står Sæmund Stokstad frå Lærdal.
Stortingslista for SV i Sogn og Fjordane:
- Hege Lothe, Gloppen, 1972
- Hans Christian Knudsen, SU/Sogndal, 1999
- Vibeke Johnsen, Sogndal, 1966
- Åsmund Berthelsen, Sunnfjord, 1952
- Nermin Ali Wasta, Kinn, 1966
- Silje Høgelid, Høyanger / Bergen, 1994
- Bent-Inge A. Borgund, Stad, 1975
- Hilde Iren Rivedal, Sunnfjord, 1973
- Sæmund Stokstad, Lærdal, 1985
- Heidi Grande Røys, Kinn, 1967