Luster: – Eg starta med YouTube fordi eg vart inspirert av kjente youtubarar, frå Norge spesielt. Eg synest det høyrdest spennande ut og likte tanken på å ha friheita til å gjera kva ein vil. Dessutan ha moglegheitene til å tena pengar på noko eg synest er morosamt, seier Tobias Molland når han vart spurd om kvifor han begynte med Youtube.

17-åringen frå Luster har over 100 000 sjåarar på youtube
17 åringen Tobias Molland frå Luster lever draumen mange ungdommar har. Han har etablert seg som youtubar og har greidd å skaffa seg si eiga platform, med over 4000 abonnentar.