Årdal: Måndag var nemleg Årdal Tenk Tryggleik (ÅTT) og det lokale politiet på sitt årlege besøk til 1. klassingane ved Tangen og Farnes skule i Årdal.
Her delte ÅTT ut refleksvestar, medan dei to unge politibetjentane hadde med seg kalendar i gåve.
– Dette er eit kjempeviktig arbeid for at ungane skal få eit ansikt på det lokale politiet og samstundes sørge for tryggleiken til barna og skape haldningar heime. Forhåpentlegvis blir det ein diskusjon rundt dette ved middagsbordet, seier Petter Hagen frå Årdal lensmannskontor.
Artikkelen held fram under biletet.

Foreldre lite flinke
Det var nemleg fleire av ungane som kunne avsløre slapp bruk av både refleks, hjelm og til og med bilbelte hjå foreldra.
– Det er typisk at barna er ærlege. Kunne me anmeldt alle foreldra til barna som seier dette, så er det mange som hadde fått med seg ein bot heim i sekken, men me håpar dette kan vere med på å skapa haldningar og tryggleik, seier Hagen.
Bjørn Indrebø i ÅTT delte ut refleksvestar. Dette er noko dei gjer kvar haust og er ein del av eit fast opplegg som ÅTT køyrer.
Artikkelen held fram under biletet.

– Me følgjer ungane frå dei går i barnehagen og opp gjennom livet, seier han og nemner utdeling av refleksvestar og politikameratane som døme på opplegg dei har.
Tema på skulen
Dei neste to vekene skal ungane lære mykje meir om korleis ein ferdast i trafikken.
– Dette er ikkje noko nytt opplegg, men noko me har fokus på kvart år, spesielt for 1. til 3. klasse. Då skal dei lære seg å gå i trafikken, lære trafikkreglar og få innblikk i korleis ein beveger seg, fortel rektor ved Farnes skule, Per Kristian Pedersen.
Artikkelen held fram under biletet.

– Til slutt skal dei ha ein gåprøve, der dei går ei rute i sentrum og har nokre postar der dei får poeng. Det handlar om bevisstgjering rundt korleis ein skal oppføre seg i trafikken.