SONG: Sjukandeklassingane song for dei eldre då dei overrekte pengane dei har sprunge inn til den nye sansehagen. Foto: Merete Moen
SONG: Sjukandeklassingane song for dei eldre då dei overrekte pengane dei har sprunge inn til den nye sansehagen. Foto: Merete Moen

Ungane sprang inn 8500 kroner - pengane overrekte med konsert 

Dei sprang 8500 rundar på Ytre Moa i sommar, elevane ved Farnes skule. Denne veka fekk sansehagen på Årdal sjukeheim pengane

Årdal: – Elevane frå 1-7.klasse var oppe på Ytre Moa og sprang rundar der under aktivitetsdagen vår. Me vart sponsa av lokale verksemder, og ungane sprang på harde livet, seier Merete Moen, lærar for 7.klasse ved Farnes skule.

Les også: Spring for ei god sak

Dette opplegget under aktivitetsdagen førte til den nette sum av 8 500 kroner. Denne veka var elevane i dei to sjuandeklassane på Årdal sjukeheim for å gje pengane dei hadde tent inn til brukarane.

Artikkelen held fram under biletet

8528: Dei to sjuandeklassane med sjekken på den nette sum av 8528 kroner som dei og dei andre elevane i 1.-7.klasse sprang inn i juni.
8528: Dei to sjuandeklassane med sjekken på den nette sum av 8528 kroner som dei og dei andre elevane i 1.-7.klasse sprang inn i juni.

– Me var ute og såg på sansehagen - dei hadde gjort det veldig fint der, sådd og dyrka grønsaker. Etterpå var me inne, elevane song tre sangar og fekk frukt, kjeks og saft, fortel Moen. 

Ønskja seg ein flott grill

 Komiteen som stod bak opplegget hadde diskutert i lag med elevane kva pengane skulle gå til, og då kom dei fram til at den nye sansehagen var eit godt føremål.

Les også: Her opnar ordføraren den nye sansehagen

– Elevane vart kanskje litt påverka av oss, men alle var einige om at dette verka som eit bra tiltak. Så er det jo nokre av elevane som har oldeforeldre der, seier Moen.

– Kva tykte brukarane ved sjukeheimen om dette?

– Dei var nøgde; klappa, lo, og song med. Nokre av ungane sette seg med dei eldre og drakk saft. Det vart ei fin stund.

– Kva skal dei bruka pengane til?

– Det var dei ikkje heilt sikre på, så dei lurde på om elevane hadde framlegg. Dei kom eigentleg ikkje på noko, og då kom kokken ved sjukeheimen forbi og sa at dei ønskja seg ein flott grill. Så det er mogleg det blir det, me tykte i alle fall det.

FIN STUND: Brukarane fekk ei fin stund då elevane vitja sjukeheimen denne veka.
FIN STUND: Brukarane fekk ei fin stund då elevane vitja sjukeheimen denne veka.
Til toppen