Sogndal: Sogndal kommune har skrive under ein samarbeidsavtale med KoRus Vest Bergen, eit kompetansesenter finansiert av Helsedirektoratet. Målet er at kommunen skal bli flinkare til å oppdaga barn og unge som har det vanskeleg.
– Ungar som slit legg ut signal kvar einaste dag. Men det er ikkje alltid så lett å oppdaga dei, seier Reidar Dale frå KoRus.
Skal laga betre system og samhandla betre
Det er ikkje berre dei opplagte tilfella kommunen skal bli flinkare til å fanga opp tidleg.

Det kan vera ungar som blir mobba, ungdom som slit med rus, som har foreldre med rusvanskar, psykiske vanskar, eller som rett og slett har kreft. Kort sagt, ungar som har utfordringar som gjer at dei ikkje fungerer godt nok kvardagen.
– Eg trur alle barn og unge i Sogndal kjem til å nyta godt av denne satsinga, seier kommunalsjef Ole Gunnar Krakhellen.
Første steg for kommunen er å gjennomføra ei kartlegging med dei tilsette for å finna ut kvar skoen trykker. Dette blir kalla ei nullpunktsundersøking, som vil bli følgt opp om to til fire år. Basert på denne undersøkinga skal kommunen utarbeida ein handlingsrettleiar, ei skjematisk framstilling over korleis dei tilsette skal reagera frå den første uroa oppstår.
– Det kan ofte vera vanskeleg for dei tilsette å ta opp ei uro, når dei har ein uggen kjensle av at «her er noko som det ikkje skal». Då skal dei vera trygge på seg sjølve. Kjem dei skeivt ut, så får me ofte desse klassiske skyttergravene. Det handlar om å gje dei tilsette verktøya dei treng for å ta dei samtalane, seier Dale.
Pilotkommunen Årdal har hatt gode erfaringar med nyvinninga
Det er ein modell henta frå Danmark, som enkelt sagt går ut på å ta grep, før problemet blir eit problem.
Årdal er ein av sju-åtte pilotkommunar i Norge som har testa ut dette allereie. Erfaringane derifrå har vore gode.
– Tilbakemeldingane derifrå er at dei tilsette opplevde at dei greidde å gje uttrykk for uro tidlegare og på ein måte som gjorde at familiane sjølve kunne ta tak i det, seier Else Kristin Utne Berg frå KoRus.
Kommunalsjef Krakhellen seier innføringa av Betre Tverrfagleg Innsats, eller BTI-modellen som det heiter, ikkje er nokon revolusjon. Det er heller startskotet på eit langsiktig arbeid som skal få utvikla seg dei neste fem åra.
– Det er veldig spanande å setta i gang ei ny satsing, og noko som ein heil sektor ønskjer. Det er ikkje noko som kjem ovanfrå og ned, men det kjem som eit ønskje frå dei tilsette. Det er eit godt utgangspunkt for å lukkast, seier Krakhellen.