Ungdom i skotet for ÅJFF

Ungdom i skotet for ÅJFF

Laurdag føremiddag vart det arrangert skytestemne på Mjøbakken, der fleire kommunar vart representerte.

På Mjøbakken i Øvre Årdal stod tjue sogningar klare for skyttarstemnet, som ein del av Sogn og Fjordane cup. Luster, Leikanger, Årdal, Askvoll og Eid vart alle representerte på skyttarstemnet laurdag 9. mai. 

Fult køyr i Sogn og Fjordane cup

Både stemnnevinnar og klassevinnar i  pressskyting skulle kårast i jegertrap som vart arrangert i Øvre Årdal. Søndag skal dei til Eid på skyting, der dei skal skyte om hundreskot jegertap.

Rundt om i Sogn og Fjordane er det også andre skytestemner, som inngår i Sogn og Fjordane cup. Dei fem beste skyttarane går direkte vidare til finalen, som tek til i Leikanger. 

Kristian Natvik startar stemnet med det fyrste skotet på Mjøbakken, i Øvre Årdal.
Kristian Natvik startar stemnet med det fyrste skotet på Mjøbakken, i Øvre Årdal.

Takkar for flotte premiar

– Eg vil også benytte sjansen til å takke Kiwi på Årdalstangen og MX Sport for dei flotte gåvene dei sponsa oss med. Det synest eg er flott gjort, legg Kristian til. 

Stemnevinnaren i jegertrap vart Arild Gangdal som skyt for Eid jeger- og fiskelag, medan klassevinnaren, med 1. premien i presseskyting vart tildelt tidlegare norgesmeistar frå Sogndal, Frode Husum.

Skyttarsamfunnet er i vekst

Lenge har det vore stille i organisasjonen med tanke på medlemstall blant dei yngre, men det siste året har etterspørselen stige. Interessa har vokst, og det er fleire og fleire som møter opp på Mjøbakken for å vere med.

– Mange ungdommar møter opp på kvar trening, og det er derfor så dumt at dei ikkje var fleire av dei her i dag, som kunne vore med på og representert Årdal. Men det har absolutt vore ein stor vekst i skyttarsamfunnet her i Årdal det siste året, noko som er utruleg positivt, avsluttar leiar av laurdagens skyttarsteme, Kristian Natvik, med.

 

Til toppen