Luster: – Det er ein grunn til at det er aldersgrense på alkohol. Me ynskjer at ungdomen skal følge det som er anbefalt, seier Jonatan Hurthi (15), nestleiar i Ungdommens kommunestyre i Luster og ansvarleg for Blås Grønt.
- Les òg: Lærdal har fått natteravnar.
Har med seg politiet
Blåst Grønt går av stabelen fyrste kvelden under festivalen Lustrabalder og er opent for ungdom i alderen 15 til 19 år.
– Dette er andre året me har Blås Grønt på Lustrabalder. Tidlegare har det vore natt til 17. Men sidan me erfarer at det ikkje er så mange ute i kommunen då, så flytta me det til denne helga der svært mange unge reiser på festivalen, seier han.
Med seg på laget har han politiet i Gaupne og styret i Parken.
– Politiet er med oss denne kvelden, samt nokre vakter frå Parken. Ungdom kan blåse grønt mellom klokka 23:00 og 00:00, og så er det nokre som vinn premie.
Kan vinne fine premiar
Hovudpremien for å blåse grønt er eit GoPro-kamera i tillegg til ein høgtalar og nokre gåvekort.
– Eg høyrer at folk tykkjer det er bra me har Blås Grønt, og så trur eg det trekkjer litt at me har så gode premiar.
Sjølv er Hurthi oppteken av at ungdom under 18 skal halde seg innanfor trygge rammer under festivalhelga.
– Blås Grønt er jo med på å forebygge at det ikkje skal skje noko med ungdom og at dei held seg unna alkohol. Eg vil oppfordra alle under 18 til å ikkje drikka.
Styret i Parken: – Positive til Blås Grønt
Jon Arne Norberg er med i styret i Parken og tykkjer det er positivt at Ungdommens kommunestyre stiller med eit tiltak som Blås Grønt for dei som ikkje har lov å drikke alkohol.
– Me set pris på det og vil at flest mogleg under 18 skal vera edru under arrangementet. Heldigvis ser me at fleirtalet er edru og dette er nok Blås Grønt med på å bidra til.
Han ser fram mot ei storslått helg med musikk både for unge og vaksne, men sjølv om aldersgrensa på festivalen er 15 år, har dei eit klart avgrensa område for dei som har lov å nyte alkohol.
– Inne i Parken er det eit område med 18-årsgrense der du kan kjøpe og nyte alkohol, og utanfor dette området er det ikkje lov å drikke, seier Norberg.
Ser fram til festivalhelg
No tykkjer Hurthi at andre kommunar bør sjå til Luster når det gjeld Blås Grønt.
– Eg tykkjer det er bra at me har dette tilbodet og meiner absolutt at kommunane våre rundt bør ha det òg. Det anbefalar eg dei verkeleg.
Ellers er han positiv til at det skjer noko i kommunen og ser fram til å delta på festivalen etter ei hektisk tid med eksamen.
– Dette er eit arrangement som samlar folk frå andre kommunar, og så set det jo Gaupne og Luster på kartet.
- Les òg: Amerikansk rockestjerne på Skjolden
- Les òg: Skal stå på scena i Fresvik