FORE!: Matias Øvstetun vann ikkje uventa juniorklassen, som einaste deltakar. På samanlagtlista er det framleis eit stykke opp til sluggerane.
FORE!: Matias Øvstetun vann ikkje uventa juniorklassen, som einaste deltakar. På samanlagtlista er det framleis eit stykke opp til sluggerane.

Ungdomen slo frå seg, men dei gamle er framleis eldst i Lærdal

Tor Eirik Moen gjorde som i fjor og vann i helga det interne oppgjeret i Lærdal golfklubb. 

Moen vann klubbmeisterskapen eitt slag foran Stian Øy. Abonrat Lindesteg vann dameklassen som einaste deltakar, det same gjorde Matias Øvstetun i juniorklassen. Blant seniorane var det Ståle Øvstetun som slo færrast slag.

SOSIALT: Mellom slaga er det det sosiale som står i høgsetet. Her er det samanlagtvinnar Tor Erik Moen (i gul trøye) som slappar av etter første dag av turneringa.
SOSIALT: Mellom slaga er det det sosiale som står i høgsetet. Her er det samanlagtvinnar Tor Erik Moen (i gul trøye) som slappar av etter første dag av turneringa.

Ole Kristian Øren, som er ein av arrangørane, tok sjølv tredjeplassen totalt. 

– Nok ein gong er me heldige med vêret, det plar me nesten alltid vera når det er klubbmeisterskap. Rammene låg til rette, bana var i bra stand og deltakinga var litt betre enn i fjor, seier han.

Les også: Lærdal beheld Rikheim Cup-pokalen eit år til

Sjølv om det er hard kniving om plasseringane, spelar det sosiale ei minst like viktig rolle under turneringa.

– Golf er ein idrett der generasjonar kan møtest. Medlemma våre er frå midt på tjuetalet og heilt opp i søtti, åtti. Det er ein idrett du kan byrje med når som helst. Jo før jo betre, sjølvsagt, men du har glede av golfen i alle aldrar. I tillegg gjer handikapsystemet at du kan konkurrere på tvers av ferdigheiter, oppsummerer Øren.

Likevel skulle han gjerne ha sett at rekrutteringa var noko betre.

- Juniorklassen var større før, så me har ein jobb å gjera der. Men det er ikkje så lett, når avstandane er slik dei er. Dei unge blir alltid avhengig av skyss frå forelda. Det er ei utfordring, seier Øren.

Til toppen