KLIMASTREIK: Elevane i Sogndal streika for miljøet tysdag. Ved Heradshuset vart det heldt appellar.
KLIMASTREIK: Elevane i Sogndal streika for miljøet tysdag. Ved Heradshuset vart det heldt appellar. (Foto: Sveinung Sandal)

Ungdomen streika for klima: – Vil ikkje veksa opp i frykt for at verda kokar ihjel

Mange elevar møtte for å streika for klima i Sogndal tysdag morgon.

Sogndal: Tysdag marsjerte ungdom frå Sogndal vidaregåande skule og andre skular for klimarettigheiter.

SKILT: Mange av elevane hadde med seg plakatar. - Slutt å kødde med framtida vår. - Det er våres framtid, skal vi verkeleg øydelegga den? Foto: Sveinung Sandal

Ungdommane uttrykka at dei var sinte over at lite vert gjort for å bekjempa CO2 utsleppa, og det vart lagt vekt på at det ikkje finns ein planet B. 

– Elevar verda rundt streikar fordi noko må gjerast. Me har ikkje ein planet B. Me må ta klimakatastrofa og klimaproblematikken på alvor. Eg deltek i dag fordi eg vil at mine born og barnebarn skal få ei framtid, seier Inger Johanne Kaardal, nestleiar i elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane og er elevrådsleiar på Sogndal vgs. 

– Vaksne og politikarar må ta oss på alvor

Kaardal fortel at ho sjølv tek grep i kvardagen for å minska klimautslepp. Likevel meiner ho at det er eit felles ansvar. 

STREIK: Inger Johanne Kaardal, nestleiar i elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane og er elevrådsleiar på Sogndal vgs og Helene Lyngaas. Foto: Sveinung Sandal

– Eg gjer enkle grep som å ta buss i staden for å fly til dømes. Men eg meiner det er feil at store olje- og gasselskap, som tener millionar på å forureine planeten skulder på oss enkeltindivid, og seier at det er vårt ansvar å minske utsleppa, seier ho.

Rakeb Erana, medlem i Natur og ungdom Sogndal, streika òg for framtida til seg sjølv og andre unge. 

STREIKAR FOR FRAMTIDA: Rakeb Erana, medlem av Sogndal Natur og Ungdom. Foto: Sveinung Sandal

– Eg er her fordi eg vil ha ei framtid der me som ungdommar ikkje treng å stressa for at verda kokar ihjel, sler ho fast og legg til: 

– Eg krev at politikarane høyrer på oss. Norske politikarar må slutte å selje olje til utlandet, for så og lata som at dei kjempar for miljørettigheiter her i Noreg. 

Til toppen