KLAR TALE: Nestleiar Per Gjesdal og leiar Inger-Johanne Kaardal i Lærdal Ungdomsråd tala ungdommane si sak under førre kommunestyremøte. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
KLAR TALE: Nestleiar Per Gjesdal og leiar Inger-Johanne Kaardal i Lærdal Ungdomsråd tala ungdommane si sak under førre kommunestyremøte. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Ungdommane sette dagsordenen

Det var klar tale frå leiarane i Lærdal Ungdomsråd då Kosen ungdomsklubb var tema under kommunestyremøte. 

Lærdal: Leiar i Ungdomsrådet Inger-Johanne Kaardal og nestleiar Per Gjesdal gav klar beskjed til kommunestyre at ungdommane i Lærdal ville ha ungdomsklubben på Kosen. 

– Det er viktig for oss å ha Kosen der den er. Ungdomklubben har ein fin plassering og ligg nærme sentrum, sa Kaardal under torsdagens kommunestyremøte. 

Les også: Ungdomsrådet: – Me vil vera på Kosen

Saka vart teken opp etter at brannsjef Gaute Johnsgaard hadde tilsyn på eigedommen i fjor. Då kom det fram at det verken var sprinkleranlegg eller gode nok rutinar på plass på Kosen ungdomsklubb. 

Vil ikkje flytte

Under førre formannskapsmøte sa politikarane at dei må sjå meir på saka og vurdere om ein må flytte ungdomsklubben til eit nytt bygg. 

– Å flytte kosen er ikkje det rette valet. Me har både elevar og foreldre som er villige til å stille opp på dugnad for å få på plass dei naudsynte oppgraderingane av bygget, sa Kaardal.

Kravet deira til politikarane var at dei må løyve midlar til ei oppmussing og for å få på plass gode rutinar. 

– Alle  på huset er samde om at me må få til ei avgjersle om framtida til Kosen, sa ordførar Jan Geir Solheim etter innlegget til ungdomsleiarane. 

Friplass for alle

Annike Vanberg (SV) haldt eit innlegg om viktigheita av å ha ein friplass for alle ungdommar uavhengig av om ein driv med idrett, spelar instrument eller kva bakgrunn ein har.  

– Mange stader i Noreg er det truslar om nedlegging av fritidsplassar for ungdommar. Det er mange gode grunnar til å ha ein fritidsklubb. Til dømes held den ungdommane vekke frå sosiale problemområde som rus. I tillegg er det viktig at unge får utvikla seg saman med andre unge. Kosen ungdomsklubb har ikkje ein topp standard. Me i Lærdal SV ønskjer å satsa på ungdommane, sa ho. 

Vanberg sa vidare at ho hadde drøymd om at pengekompensasjonen på 1,3 millionar kroner etter storbrannen og losjehuset kunne nyttast til akkurat dette formålet. Diverre er desse midlane øyremerka den funksjonen som losjehuset i si tid hadde før det brann ned.

Huset vart brukt til lager for ulike organisasjonar. Om pengane vert brukt på noko anna enn dette føremålet, vil departementet kunne krevje pengane tilbake. 

Inn i investeringsplanen

Politikarane er samde om at dei anten må pussa opp Kosen eller finne andre kommunale lokale som ungdomsklubben kan halde til i. 

– Ungdom må spesielt prioriterast i slike tider og me meiner Kosen ungdomsklubb må inn i investeringsplanen, seier Vanberg. 

Rådmannen forklarar at Kosen er ein investering på lik linje med andre investeringar og at dette må leggast fram for politisk behandling. 

Ingen konkret sum

– Me må gjere ei utredning om Kosen ungdomsklubb, som eg håpar alle vil vera med på. Bygget er kjempe gammalt og har i sin tid også blitt brukt som skytebane. Me kan ikkje berre hoppa inn med hovudet først. Dette må gjerast på ein ordenteleg måte, seier Trond Einemo (H), varaordførar i Lærdal. 

Ap er samde med dei andre politikarane om at det burde setjast saman ei prosjektgruppa for Kosen som skal sjå på eksisterande bygg, finne ei løysing, følgje framdrifta og fastslå ein sum. 

– Me ønskjer alle å satsa på ungdommane i bygda, seier Kåre Mentz Lysne (Ap). 

Til toppen