Ungdommar fekk unikt fisketilbod

Ungdomsskuleelevar fekk tilbod om aurefiske i Lærdalselvi. 

Lærdal: I førre veke fekk skuleelvar i Lærdal ei unik moglegheit til å prøve fiskelykka i Lærdalselvi. 

Lærdal Elveeigarlag inviterte ungdommen til aurefiske med opplæring i flugekasting, og med det høyrer sjølvsagt sosialt samvere til. 

Det var berre tre som var med, men både Anders Jerving, Sindre Bentås og Simon Lysne ville ha dette flotte tilbodet med seg. 

Leiar i Elveeigarlaget, Lasse Sælthun, og den ivrig lakse- og aurefiskaren Alf Olsen jr. stod for opplæringa. Sistnemnte hadde med seg ti ferske og heimelaga fluger med seg. 

Fiskeknutar, flugetypar og instruksjon – i løpet av nokre timar var gutane godt drivne og følte dei hadde fått bra teken på flugefisket. 

– Me håpar å få til dette neste år òg, men då håpar me på litt betre oppmøte, seier Sælthun. 

Til toppen