GJORDE DET SKARPT: Juniorlaget til Fjærland ungdomslag gjorde det skarpt på den landsfemnjande kunnskapstevlinga «Kven veit?». Foto: Sogn og Fjordane ungdomslag.
GJORDE DET SKARPT: Juniorlaget til Fjærland ungdomslag gjorde det skarpt på den landsfemnjande kunnskapstevlinga «Kven veit?». Foto: Sogn og Fjordane ungdomslag.

Ungdommar frå Fjærland ungdomlag har mykje kunnskap

Ungdomslaget gjorde det godt i landsfemnande kunnskapstevling.

Fjærland: I regi av Noregs ungdomslag vert det kvart år skipa til ei landsfemnande kunnskapstevling kalla «Kven Veit?». Det er to klassar, junior opp til 14 år, og senior for dei som er litt vaksnare ungdommar.

Her tevlar ein i grupper over tre dagar med 30 spørsmål i kvar runde. Nokre spørsmål er frå ei temabok deltakarane har studert på førehand, men 80 prosent er ålmennkunnskap. 

– Om du trudde det er lett, tek du feil. Her femnar spørsmåla vidt i tema, og ein må verkeleg ha følgt med i media, og livet elles, om ein vil oppnå eit godt resultat, seier Knut Bøyum i Sogn og Fjordane ungdomslag.

– Difor er det kjekt at så mange juniorlag er med frå Sogn og Fjordane, og at dei gjer det så bra. Sjølv om det er ungdomslaget som skipar til denne tevlinga er det ope for andre å stilla lag.

I juniorklassen kom Fjærland ungdomslag på 1. plass med 82,5 poeng, ein plass dei delte med fylkeskollega Bygstad skule. 

Fjærland ungdomslag deltok også med fire seniorlag, der lag D gjorde det skarpast med ein 19. plass.

Til toppen