SJEKKAR FORHOLDA: I desse dagar er LOs sommarpatrulje på besøk til ulike bedrifter i Indre Sogn. Øyvind Møller, Sindre Hornnes og Jostein Vedvik besøkte måndag Norsun på Årdalstangen.
SJEKKAR FORHOLDA: I desse dagar er LOs sommarpatrulje på besøk til ulike bedrifter i Indre Sogn. Øyvind Møller, Sindre Hornnes og Jostein Vedvik besøkte måndag Norsun på Årdalstangen. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

– Ungdommar har ikkje peiling på kva rettar dei har i arbeidslivet

Også i år er LOs Sommarpatrulje på bedriftsbesøk i Indre Sogn. Ungdomssekretæren i LO ser eit klart betringspotensiale blant unge når det kjem til kunnskap om eigne rettar.

Årdalstangen: – Eg seier det rett ut. Dei har ikkje peiling på kva dei har rett på og kva dei må ha på plass. Det skulle helst ha vore meir om dette i skuleverket, seier Øyvind Møller, som er fagleg ungdomssekretær i LO Sogn og Fjordane. 

I desse dagar er patruljen hans på sin årlege rundtur i Sogn. Sommarpatruljen besøker ungdommar som er i arbeid for å sjekke korleis arbeidsforholda deira er der dei jobbar.

– Sommarpatruljen er LOs måte å ta temperaturen på arbeidsforholda til ferievikarar og unge arbeidstakarar. Me reiser rundt og sjekkar om dei har det godt på jobb og om alt er på stell etter lova, seier han.

– Viktig arbeid

Måndag besøkte patruljen beståande av han sjølv, Sindre Hornnes og Jostein Vedvik mellom anna Norsun på Årdalstangen. Her snakka dei med to unge ferievikarar.

– Eg tykkjer det er fint at dei kjem innom slik. Dei er nokon som kan vera ein støtte for oss viss me ikkje har guts sjølve, noko som kan vere tilfelle når ein er ferievikar og er litt forsiktig. Eg har ikkje vore i liknande situasjon sjølv, men føler det er kultur for å seie ifrå her på Norsun, seier Henriette Kolås. 

VIKTIG: Henriette Kolås vert intervjua av Sindre Hornnes og Jostein Vedvik frå Sommarpatruljen. Dei sjekka kunnskapen hennar om eigen arbeidsplass og informerte om rettar. Eit viktig arbeid, meiner Kolås.
VIKTIG: Henriette Kolås vert intervjua av Sindre Hornnes og Jostein Vedvik frå Sommarpatruljen. Dei sjekka kunnskapen hennar om eigen arbeidsplass og informerte om rettar. Eit viktig arbeid, meiner Kolås. Bilde: Truls Grane Sylvarnes

Ho må innrømme at arbeidslivets rettar ikkje akkurat er eit hyppig diskutert tema i venegjengen, men er klar på at dette er noko unge arbeidstakarar bør vere opptekne av.

– At Sommarpatruljen kjem er viktig fordi det er mange som ikkje kjenner rettane sine. Norsun er ein veldig strukturert bedrift, så me er klar over det, men kanskje spesielt hjå mindre bedrifter kan det vere vanskeleg, seier ho.

Dårleg HMS-opplæring ein gjengangar

Når det er sagt, er bedriftene i Sogn og Fjordane flinke, meiner Møller. På dei to åra han har vore med, har det ikkje vore alvorlege feil og manglar. Skulle det vere eit problem, blir det som regel fiksa greitt opp i der og då.

– Det grovaste me ser er at ungdommen rett og slett ikkje har arbeidskontrakt, men ein gjengangar er opplæring i HMS. Det gjeld for heile fylket, seier han.

– Difor er det utruleg viktig å sjekka at ungdommane har alt på stell. Som regel veit dei det ikkje sjølve, og det er ikkje alle arbeidsgivarar som har sett seg ordentleg inn i regelverket heller. Då kan me bidra til å gi ungdommane ein god start på arbeidslivet.

– Og korleis var forholda på Norsun?

– Terningkast seks, smiler han.

Til toppen