(Bilde: Kaja Nygård)

Ungdommen imponerte med sceneinnslag og visuell kunst

Kreative ungdommar deltok både frå scena og med kunstverk, då UKM vart arrangert i Lærdal på laurdag. Deltakarane fekk god applaus frå ein fullsatt sal. 

Lærdal: Laurdag vart UKM arrangert i Lærdal kulturhus. Her fekk mange unge talent synt publikum kva dei kan, både på scene og med kunstutstilling.

Mange hadde tatt turen for å sjå på UKM Lærdal sine 13 innslag på scene og dei mange kunstverka. Deltakarane fekk applaus både under og etter framsyninga, og det verka som publikum var godt nøgde med årets UKM.

- Det var mange flinke deltakarar på årets UKM, og eg synest kvelden har vore vellukka, seier Magne Grøttebø, som er kulturleiar for UKM i Lærdal.

Av ungdom, for ungdom

Det var mange påmeldte både med sceneinnslag og med visuell kunst.

- Det er kulturskulen og ungdomsrådet som arrangerer UKM Lærdal, og dette trur eg er nøkkelen til at det er så mange påmeldte her. Mange som er med i kulturskulen, melder seg på UKM, fortel Grøttebø.

Grøttebø fortel vidare at det blir lagt stor vekt på at dette er ei mønstring for ungdom og av ungdom.

- Derfor er det nettopp ungdommar som også er konferansierar. Dei gjorde ein kjempe god jobb som det i kveld. 

Både sceneinnslag og kunstverk gjekk vidare 

Fylkesmønstringa for Sogn og Fjordane blir i år haldt i Høyanger. Kvar kommune kan sende sceneinnslag på inntil 20 minutt inklusiv pause og inntil 5 utstillingsarbeid til Høyanger.

Juryen kom fram til 4 sceneinnslag og 5 kunstverk i Lærdal som skulle gå vidare til fylkesmønstringa.

- Lærdal har hatt deltakarar innan kunst og scene som har gått vidare dei siste åra. Dette vitnar om høg kvalitet, seier Grøttebø.

Juryen annonserte dei som gjekk vidare, samt kven som fekk publikumsprisen på scene og kunst.

- Regelen seier at ein ikkje kan sende vidare dei som er under 13 år, så sjølv om mange av dei var veldig gode, kan me ikkje sende dei vidare, sa juryen då dei skulle annonsera deltakarane som gjekk vidare til fylkesmønstringa.

Publikumsprisen gjekk til Amalie, som framførte sin versjon av songen Russian Roulette og til Inger- Johanne Kaardal med kunstverket Ugler i mosen.

- Det blir spanande å sjå korleis det går med dei som gjekk vidare til Høyanger, avsluttar Grøttebø.

Desse gjekk vidare til fylkesmønstringa

Sceneinnslag:

  • Bandet Fjernlys med songen Best friend.
  • Vokal Amalie med hennar versjon av songen Russian Roulette.
  • Bandet Ananas med songen Alt som gjelder.
  • Vokal TJ Hamre med songen 512

Kunstverk:

  • Inger- Johanne Kaardal – Ekko av vatn
  • Jorunn Grøndal – Glasshuset
  • Margit Brooks – Dansar
  • Inger- Johanne Kaardal – Ugler i mosen
  • Sofie Flåten – Hus frå gamle Lærdalsøyri
Til toppen