Gaupne: Blås Grønt er eit arrangement som har stått sterkt i Gaupne og andre stadar i fylket dei seinaste åra.
Tidlegare har ungdom i Luster kunne blåse grønt natt til 17. mai, men dei siste åra har heller politiet og UK møtte opp utanfor portane til den populære festivalen.

– Me set her frå klokka 23:00 og fram til midnatt, fortel Simon Bukve Gunnestad og Per Hauge.
Konkurranse
Dei går på ungdomsskulen, og er begge med i UK. Målet med arrangementet er at så mange som mogleg skal halda seg unna alkohol, og vera edru på fest.
– Målet vårt er jo at dei som ikkje har lov til det ikkje skal drikka alkohol, seier Simon.

Han sit klar med notatblokk for å skriva ned dei som møter opp edru, og som bles grønt på promillemålaren til politiet.
– Det er nemleg ein konkurranse. Ein av dei som bles grønt kan vinna airpods, og så har me høgtalar og gåvekort til to andre.
Politiet: – Godt tiltak
Allereie før klokka er 23:00 er køen med edru ungdom ganske lang.
– Det er folk som har stått her ei stund for å blåsa. I tillegg til å vera edru på fest, får dei jo vera med i ein kjekk konkurranse i tillegg, seier Simon.
Politimannen som har fått ansvaret for å måla promillen hjå ungdomen denne kvelden er Stein Helge Selland.
– Det er ein god måte å profilera at dei ikkje skal drikka på, seier han, medan Simon skriv ned namn på namn med ungdom som har 0 i promille.
– Det er eit godt tiltak blant ungdom, seier Selland.

All ungdom frå 14 til 20 år har høvet til å blåsa, og det er både 14-åringar og 18-åringar i køen.
– 0 i promille ja, seier Selland til Håkon Bergum, som får lov å sjå utslaget på promillemålaren.
– Fint, svarar Håkon nøgd.