ØVER: Knut Olav Bjørketun Bøe (12) (frå venstre), Birthe Neshagen (12), Taavi-Topias Henell (11) nyttar tida medan dei ventar på trommeslagaren og kan starte sin runde med øving. ARKIVFOTO: Ina Eirin Eliassen
ØVER: Knut Olav Bjørketun Bøe (12) (frå venstre), Birthe Neshagen (12), Taavi-Topias Henell (11) nyttar tida medan dei ventar på trommeslagaren og kan starte sin runde med øving. ARKIVFOTO: Ina Eirin Eliassen

Ungdomsbanda rockar laus i Kulturhuset

Torsdag kveld skal fem ungdomsband halda konsert i Lærdal Kulturhus. 

Lærdal: Kulturskulen har i fleire år satsa stort på å få opp igjen bandkulturen i bygda. På berre to år har ingen band i kommunen blitt til fem. 

– Desse banda er eit resultat av vårt langsiktige arbeid. Dette lovar svært bra for framtida til kulturlivet i Lærdal og omegn, seier Ketil Thorbjørnsen, musikklærar ved Lærdal Kulturskule. 

Les også: Ekte rockeband brukar ikkje notar

Yngstemann på ni år

I Lærdal er det fire band der medlemmane går på Lærdalsøyri skule og eit band frå Borgund. Under torsdagens konsert vert det sett saman eit band på slutten som skal avslutte kvelden. 

– Me ønskjer å få den yngre generasjonen på bana. I mange bygder er det berre oss gamlingane som framleis held på, seier Thorbjørnsen. 

Konsertens yngste bandmedlem er berre ni år. Ellers varierer alderen på musikarane frå ni til 14 år. 

– Ungdommane har blitt så utruleg flinke at dei no kan ha ein heil konsert for seg sjølv. Det er heilt fantastisk moro no når det har byrja å ta seg til igjen, seier musikklæraren. 

Stor satsting 

Det å få opp igjen bandkulturen i Lærdal, er noko kommunen har sett av tid og pengar til. 

– Me har fått inn ein ekstra dag i til å drive med band i kulturskulen. Eg har mange kollegaer som jobba i kulturskular andre stader som er ganske misunnelige på oss, seier Thorbjørnsen. 

No har dei også starta så smått med det same opplegget i Årdal, for å få til fleire yngre band. 

– Eg trur dette er noko folk vil ha meir av. Ungdommar som i starten var litt skeptiske, har no byrja å rasla med instrumenta. Dei finne eigne låter og fungera bra på eigen hand. Det verkar som det byrjar å bli kult å spela i band igjen, seier Thorbjørnsen. 

Til toppen