KLAR TALE: Leiar i Ungdomsrådet Inger-Johanne Kaardal (13) og Torstein Mo Kirkeluten (16) er klare på kvar dei vil ungdomklubben i Lærdal. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
KLAR TALE: Leiar i Ungdomsrådet Inger-Johanne Kaardal (13) og Torstein Mo Kirkeluten (16) er klare på kvar dei vil ungdomklubben i Lærdal. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Ungdomsrådet: – Me vil vera på Kosen

Ungdommane i Lærdal er fast bestemte på at dei ikkje ønskjer å flytta Kosen Ungdomsklubb, men krev at kommunen skaffar midlar til å få på plass viktige tiltak.

Lærdal: Ungdomsrådet meiner at politikarane i kommunen burde prioritere å få på plass gode rutiner på ungdomsklubben i staden for å flytta den til eit anna bygg.

Les også: Brannsjef: – Noko må gjerast med Kosen ungdomsklubb

Tidlegare har Porten skrive om tilstaden til den noverande ungdomsklubben Kosen. Brannsjef Gaute Johsngaard uttala den gong at det verken er  sprinkleranlegg eller gode nok rutinar på plass på Kosen, dersom det skulle oppstå brann. 

Leiar for Lærdal Ungdomsråd Inger-Johanne Kaardal (13) og Torstein Mo Kirkeluten (16) er klare på kor dei vil at ungdomsklubben skal vere.

Vil ikkje flytte klubben

Torsdag ettermiddag hadde Ungdområdet i Lærdal møte om framtida til Kosen ungdomsklubb.

– Det er her me vil ha ungdomklubb, det var me alle samde om. Bygget er godkjent, men me må få plass ein del tiltak og rutinar for å gjere det endå betre, seier Kaardal.

KOSEN: I kommande kommunestyremøte skal representantar frå Ungdområdet delta for å tala si sak om ungdomsklubben. Torstein Mo Kirkeluten (16) og Inger-Johanne Kaardal.
KOSEN: I kommande kommunestyremøte skal representantar frå Ungdområdet delta for å tala si sak om ungdomsklubben. Torstein Mo Kirkeluten (16) og Inger-Johanne Kaardal.

Begge ungdommane fryktar at om dei må flytte til eit nytt bygg, vil dette bli endå lengre vekke frå sentrum.

– Kosen er her, det er det alle seier. Slik har det alltid vore. Kosen er viktig fordi det er ein samlingsplass for unge der ein kan vere saman med unge venner og møta nye folk, seier Kirkeluten.

Står på kravet sitt

Kosen er open for elevar frå og med 8. klasse og ungdom opp til 18 år. Ein gong i månaden er ungdomsklubben open for elevar i 5. til 7. klasse.

– Me er her to gonger i veka og det er mykje folk her kvar gong, seier Kirkeluten.

Ungdommane krev at kommunen pussar opp og får på plass skikkelige rutiner i bygget.

– Det må bli meir koslegare her og pussast opp. For å gjere dette treng me pengar frå kommunen. Det er fleire foreldre og unge som har sagt at dei kan stille opp med dugnadsarbeid , men me har ikkje midlane til å fiksa alt. Difor treng me økonomisk støtte, seier Kaardal.

Hjartesak for elevane

På ungdomsklubben har elevane tilgang på discotek med stereoanlegg, ping-pong bord, bilijard, TV, speling og Wii.

– Dette er ei viktig sakn for oss. Me hadde ein runde med alle elevane om kvar dei ville at ungdomsklubben skulle vere og dei aller fleste ville ha den her, seier Kaardal.

Tønjum Grendalag har i tillegg sponsa klubben med ein ny prosjektor og lerret.

– Kosen er sentrumsnært og det er mange som likar å gå på butikken medan dei er på ungdomsklubben. I tillegg har Kosen mange rom, slik at ein ikkje føler seg pressa inn i eit og same rom med alle saman, forklarar Kaardal.

Representantar frå Ungdomsrådet skal neste veke tala elevane si sak i kommunestyremøte i Lærdal.

Til toppen