ETTER FØRESTILLINGA: Elevane frå ungdomsskulen strøymer ut av teatersalen åt samfunnshuset i Øvre Årdal etter at skodespelet som var sett opp av Sogn og Fjordane teater var slutt. Fremst til høgre: Andrea Haugrud Eitrheim, til venstre, Alette Nygård Hauge. Båe går i 8. klasse på Farnes ungdomsskule. (Bilde: Snorre Sandemose)

Ungdomsskuleelevar i Årdal lét seg fascinera av uvant type skodespel

Populært å få fylkesteateret på vitjing.

Årdal: – Det var spesielt, seier Alette Nygård Hauge (13) etter førestillinga «Invasjon!» av Sogn og Fjordane teater. Førestillinga vart heldt i skuletida for ungdomsskuleelevane, i teatersalen åt samfunnshuset i Øvre Årdal. Seinare på kvelden var det ei framsyning til, då for heile bygda og alle som måtte ynskje å sjå stykket.

Alette og veninna Andrea Haugrud Eitrheim går i åttande klasse på Farnes skule. Tidlegare når dei har vore med på arrangement i samband med den kulturelle skulesekken, har det vore skodespel eller konsertar mynta på barnetrinnet. 

– Eg har ikkje vore på eit slikt skodespel for vaksne før. Eg lika dette stykket betre enn dei vi såg i småskulen. Dette var ikkje so barnsleg. Dette var noko nytt og interessant, seier Alette.

Andrea fortel at ho ikkje kan hugse å ha lese slike forteljingar på skulen heller, som består av mange forskjellige forteljingar som er spunne saman i ei forteljing. 

Dei lét seg fascinera av den særskilde forteljarteknikken som vart nytta i stykket.

– Me føler at me lærte mykje, men no når me går ut or teateret er me litt usikre på kva me har lært. Men det var eit spanande stykke, seier dei.

Handlingsgangen hadde ikkje nokon alminneleg start og slutt, fortel dei. Og det var nye historier som vart fortalde etter kvart. Hovudrolleinnehavaren i stykket, Abulkassem, var aldri til stades. Han var èin som alle skulda for ting som var for gale. 

Stykket tek opp tema som rasisme og framandfrykt og på måndag skal 8.klassingane snakka om og tolka det dei såg i ein norsktime. 

SCENE FRÅ STYKKET: Stykket «Invasjon!» av Sogn og Fjordane teater, skriv av Jonas Hassen Khemiri og regissert av Frode Gjerløw.
SCENE FRÅ STYKKET: Stykket «Invasjon!» av Sogn og Fjordane teater, skriv av Jonas Hassen Khemiri og regissert av Frode Gjerløw. Foto: SOGN OG FJORDANE TEATER

Kjekt med den kulturelle skulesekken

Jentene synest at det var kjekt å sjå ei førestilling av det omreisande fylkesteateret i skuletida.  

– Det er som å ha fri frå skulen på eit vis, seier dei. 

Båe synest det er kjekt når det skjer noko anna på skuledagane enn det vanlege.

Det jentene har sett av teater har vore i regi av skulen, når det kjem slike truppar innom. Dei likar teater, og ikkje berre fordi det vert eit avbrekk frå den vanlege skuletralten:

– Me skulle gjerne sett fleire stykke, anten det er i skuletida eller ei, seier dei.

Til toppen