Sogndal: Laurdag kjempa 28 deltakarar om å koma høgst i klatreveggen då konkurransen vart arrangert i Sognahallen i Sogndal for første gong.

Dei unge deltakarane ønskte nyvinninga i klatremiljøet velkomen
Dei yngste klatrarane, eller dei som ikkje er heilt i norgestoppen, har få arenaer der dei kan konkurrera. Det ønskjer Vestlandscupen å gjera noko med.