(Foto: Sara Akrem)
(Foto: Sara Akrem)
(Foto: Sara Akrem)
(Foto: Sara Akrem)
(Foto: Sara Akrem)
(Foto: Sara Akrem)

VIDEO

Unge fjes på startstreken då lærdølene inviterte til klubbmeisterskap

Ein god vinter har gitt skøytemiljøet i Lærdal eit løft. Det vart synleg då startskotet gjekk for vinterens store høgdepunkt. Sjå bilete og video!

Lærdal: Søndag var det duka for Lærdalsmeisterskap på skøyter. Ungar og vaksne frå 3 til 70 år skulle kappast på den blaute isen.

– Det var strålande forhold i dag tidleg. Når me nærma oss start så kom vinden og det var 8-10 varmegrader. Men alle tok det veldig fint og det gjekk etter forholda veldig fint. Mange nøgde ungar og vaksne, det er det viktigaste, seier Finn Hauge, leiar i skøytegruppa i Lærdal idrettslag.

Fekk det tungt på blaut is

GOD VINTER: Leiar i skøytegruppa, Finn Hauge (midten), takkar ein god vinter for at rekrutteringa igjen har tatt seg opp. Foto: Sara Akrem

Dei er den einaste skøyteklubben i fylket med 400-metersbane og eit så aktivt miljø. Med naturis er dei prisgitt vintrane, og i år har dei vore heldige. Det merkar dei på rekrutteringa. Til klubbmeisterskapet i år var det veldig mange ferske løparar frå start.

– Me jobbar for at ungane skal ha det kjekt på isen. Det er først og fremst eit breiddeidrettstiltak, seier Hauge.

Per Raa Hauge har gått på skøyter sidan han var to år. Søndag gjekk 500 og 1000 meter, og fekk merka dei tøffe forholda.

– Eg måtte berre få opp frekvensen, men det blei tungt. Eg slo no makkeren min begge gongane, så det gjekk no bra, seier han.

Eldsjeler har vore nøkkelen

At dei har fått til eit så bra miljø i Lærdal, forklarer Hauge med dei mange eldsjelene som har stått på for skøytesporten i Lærdal, frå storheitstida til Norge og fram til i dag.

I dag er Kåre Øyri og Ragnar Sanden to av dei som brukar store delar av fritida på å legga is på bana.

– Dei er oppe tidleg på morgonen, køyrer vatningsbilar og står på. Du må ha slik folk skal ein driva med skøyter ute på naturis. Det er mykje arbeid og av og til heilt for gjeves. Men slik som i år har det vore veldig bra, seier Hauge.

Til toppen