SPARER TIL FOTBALLTUR: Alice Bjørkum, Sina Einemo, Stina Ljøsne og Ida Martine Hille selde kaker til inntekt for tur til Norway Cup. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
DUGNAD FOR KLASSEN: Kamilla Holmen, Olaug Søvdeberg og Marie Frydenlund Tønjum selde pepparkaker, kakao og mykje anna godt. Inntektene går til klassetur til Berlin. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
HEIMELAGA SMYKKE: Jade Awa Lykke Christiansen har lært å laga øyredobbar på YouTube. På Lærdalsmarknaden selde ho dei med assistanse frå broren Max Lykke Christiansen og veninna Hani Ahmadi. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
EKSLUSIVE PRODUKT: Tyra Egelandsdal Husum og Hallvard Egelandsdal Husum hjelpte mamma med å selja geiteskinn og steinar frå gruvene i Gudvangen. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)
Aline Maristuen og Sander Bjørkum og Isak Bjørkum (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Unge gründerar inntok Lærdalsmarknaden

Pepparkakeemoji, kjeskinn, steinar frå dei kvite grottene i Gudvangen og heimelaga øyredobbar. Det var berre litt av det du kunne få handla hos dei unge bodseljarane på julemarknaden i Lærdal.

Lærdal: – Det er superkvalitet, forsikrar Tyra Egelandsdal, der ho går rundt dei andre bodene på gamle Lærdalsøyri med eit kjeskinn over armen.

Ho og broren Hallvard hadde fått i oppdrag å hjelpa mor si med salsjobben. I staden for å stå bak ein bod, valde dei å gå rundt for å forkynna kor fortreffelege varene deira er. 

– Eg synst det var så flaut at viss eg ikkje fekk med meg søstra mi, så hadde eg ikkje gidda å gjera det, vedgår Hallvard Egelandsdal Husum.

Selde pepparkakeemoji

Han bar rundt på nokre store og tunge steinar, som opphavleg kjem frå nokre grotter i Gudvangen.

– Dei har lege inne i fjellet i ganske lang tid og blitt forma. Du ser det er krystallar inne i her. Bra me fant dei, så me kan selja dei til andre, seier Hallvard.

– Geiteskinn er mykje enklare å få tak i, opplyser Tyra.

 

Dei var langt frå dei einaste unge entreprenørane på marknaden denne dagen. Blant bodane til lokalmatprodusentar og andre vaksne utstillarar, var det fleire kreative varer å få kjøpt hos den yngre garde:

Jade Awa Lykke Christiansen, til dømes, selde heimelaga øyredobbar ho hadde lært å laga på YouTube.

– Eg tenkte: «Åi, det er noko eg har lyst til å driva med». Mamma er designar og kunstnar, så ho synst det var ein god idè. Ho hjalp meg med dei første, så greidde eg resten sjølv eigentleg, seier Jade, som hadde med seg broren Max og veninna Hani Ahmadi til å hjelpa seg.

Pengane gjekk både til klassetur og eigen sparegris

Aline Maristuen, Sander og Isak Bjørkum hadde funne ein moderne vri på dei tradisjonelle peparkakene. 

– Det var Isak som fann på det og det var ganske smart. Me tok ei rosin og skulle laga Donald Duck, men så fann me ut at me heller skulle laga ein brilleemoji, seier Alina Maristuen.

Til høgre for dei spiselege emojiane låg det som kunne sjå ut som heilt vanlege peparkakemenn. Så feil kan ein ta.

– Det er Karsten og Petra. Dei har vi solgt mest av, forklarer Maristuen.

Motivasjonen til dei unge var stort sett den same som dei vaksne. Målet er å tena pengar, anten for å reise på fotballturnering med laget eller til eiga sparebøsse.

Samstundes var det ikkje berre merkantile interesser som hadde lokka dei til den marknaden blant dei gamle trehusa i Lærdal

– Du får litt julestemning, seier Alice Bjørkum, som solgte kjeks og karamellar til inntekt for ein tur til Norway Cup saman med fire andre veninner.

Til toppen