Unge kunstnarar synta fram verka sine

Unge kunstnarar synta fram verka sine

Ungar frå alderen 8-13 har stilt ut kunst i Vikadalen som dei har jobba med det siste halvåret.

Vikadalen: Kunstutstillinga er i høvet Kulturskulen i Årdal sitt 40-årsjubileum. I løpet av det siste halvåret har born frå 3. til 8. klasse samarbeidd om å laga kunst skulle stillast ut i ungdomshuset i Vikadalen.

May Ruth Walaker hadde ansvar for utstillinga i ungdomshuset i Vikadalen, og ho sette pris på all innsamlinga av kunstverk:

– Det er 40-årsjubileum i Kulturskulen, og me har derfor fått eit eige arrangement der me stiller ut kunsten som barna har laga. Noko av kunsta er laga på eigahand, medan nokre av kunstverka har vore eit fellesprosjekt. Det er omtrent 40 elevar som har samarbeidd for å få dette til, seier Walaker. 
 

Til toppen